Strålefinnefiskar (Actinopterygii) er ei klasse beinfisk.

Gruppa vert kjenneteikna av at finnane deira består av hud strekt mellom bein- eller hornpiggar (finnestrålar), i motsetnad til dei kjøtfulle finnane til kvastfinnefiskane Sarcopterygii. Til skilnad frå bruskfisk kan strålefinnefisk røra på finnane sine med musklar dei har med finnerøtene.

Strålefinnefisken vert tradisjonelt oppdelt i to underklassar: Chondrostei, som består av stør og spadestør, og Neopterygii, som omfattar dei fleste beinfisk me kjenner i dag.

Klassifisering Underklasse Chondrostei Orden Polypteriformes (bikirar. Vert stundom plassert i ei eiga underklasse.) Orden Acipenseriformes (stør og spadestør) Underklasse Neopterygii Infraklasse Holostei Orden Lepisosteiformes Orden Amiiformes Infraklasse Teleostei (ekte beinfisk) Overorden Osteoglossomorpha Orden Osteoglossiformes Orden Hiodontiformes Overorden Elopomorpha Orden Elopiformes Orden Albuliformes Orden Notacanthiformes (piggålar) Orden Anguilliformes (ålefisk) Orden Saccopharyngiformes Overorden Clupeomorpha Orden Clupeiformes (sildefisk) Overorden Ostariophysi Orden Gonorynchiformes Orden Cypriniformes (karpefisk) Orden Characiformes (m.a. tetra og piraja) Orden Gymnotiformes (knivfisk, elektrisk ål) Orden Siluriformes (mallefisk) Overorden Protacanthopterygii Orden Salmoniformes (laksefisk) Orden Esociformes (gjeddefisk) Orden Osmeriformes Overorden Stenopterygii Orden Ateleopodiformes Orden Stomiiformes (lysfisk) Overorden Cyclosquamata Orden Aulopiformes (øglefisk) Overorden Scopelomorpha Orden Myctophiformes (lysprikkfisk) Overorden Lampridiomorpha Orden Lampriformes (bandfisk) Overorden Polymyxiomorpha Orden Polymixiiformes Overorden Paracanthopterygii Orden Percopsiformes Orden Batrachoidiformes Orden Lophiiformes (marulkar) Orden Gadiformes (torskefisk) Orden Ophidiiformes Overorden Acanthopterygii Orden Mugiliformes (mulle) Orden Atheriniformes Orden Beloniformes (horngjelfisk; m.a. flygefisk) Orden Cetomimiformes Orden Cyprinodontiformes (tannkarpar) Orden Stephanoberyciformes' Orden Beryciformes (beryxfisk) Orden Zeiformes (Sanktpetersfiskar) Orden Gobiesociformes (dobbeltsugarar, stundom rekna som ein underorden innanfor piggfinnefisk) Orden Gasterosteiformes (m.a. stingsild) Orden Syngnathiformes (nålefisk, sjøhestar; ofte plassert som ein underorden innanfor ’’Gasterosteiformes’’) Orden Synbranchiformes Orden Tetraodontiformes (fastkjevefisk) Orden Pleuronectiformes (flyndrefisk) Orden Scorpaeniformes (ulkefisk) Orden Perciformes (piggfinnefisk, omfattar 40 % av alle fiskeartar, m.a. åbor, leppefisk, ciklidar, makrell, kutlingar, steinbit og fjesing)

Kategori:Fisk