Amorgós (gresk Αμοργός) er ei øy i Hellas, den austlegaste øya i Kykladane i Egearhavet og den øya i gruppa som ligg nærast Dodekanesane. Øya har eit areal på 126 km².
Amorgós er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Amorgós 1 961 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 441 innbyggjarar.
På grunn av plasseringa til Amorgos var ho ein av dei første stadane at jonarar kom til frå dei joniske byane Milet, Halikarnassos og Efesos på veg til Kykladane og det greske fastlandet.
I antikken hadde øya tre sjølvstendige byar med sjølvstyre og same valuta. Storleiken og det kunstneriske arbeidet på bymurane til Areksini, dei antikke tårna på øya, dei antikke gravene, steinreiskapane, inskripsjonane, vasane og andre lekamar viser at Amorgós var ein blømande sivilisasjon i antikken. Namnet på dei tre byane er Arkesini, Minoa og Aigiali eller Melania. Dei ligg alle på vestsida av øya der ein kan finne naturlege hamner.
Amorgós vert òg kalla Yperia, Patagy eller Platagy, Pagali, Psikhia, og Karkisia. Ein del av øya vert kalla Aspis, der det antikke tempelet til gudinna Afrodite stod.
Øya vart filma i Luc Besson sin film Det store blå.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Amorgós (Khóra) 397 441 Lagáda 261 247 Rakhídi 172 227 Órmos Ejális 147 191 Katápola 134 150
Dei andre busetnadene på øya:
Småøyar i kommunen: Káto Andikéri (2) Liadí (0) Pláka Liadioú (0) Viókastro store (0) Viókastro vesle (0) Grambonísi (0) Nikoúria (0) Ánydros (0) Gramvoússa (0) Kisíri (0) Patelídi (0) Feloúka (0) Psalída (0) Áno Andikéri (0)
Referansar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Amorgos» frå , den 15. august 2007.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Virtuelle rundturar på Amorgós Katápola i bilete Bilete frå Amorgós
Kategori:Kykladane Kategori:Periferieininga Náxos Kategori:Kommunar i periferien Dei sørlege egeiske øyane Kategori:Byar og tettstader i periferieininga Náxos