MS «Trollfjord» er eit skip i Hurtigruten ASA, og seglar for Hurtigruta langs norskekysten mellom Bergen og Kirkenes. Skipet vart bygd i 2002, og er systerskipet til den eit år yngre MS «Midnatsol». MS «Trollfjord» er sertifisert for 822 passasjerar i passasjertrafikk, og 652 passasjerar i cruisetrafikk.
Ulukker Laurdag 9. april 2011, då skipet låg til kai i Tromsø, fall ei 70 år gammal kvinne ned heile gangbrua mot kaia. Ho blei frakta medvitslaus til sjukehus og døydde nokre dagar seinare. Dette var den første slike dødsulukka i historia til Hurtigruten,.
Kjelder Fotnotar
Bakgrunnsstoff Hurtigruten pusser opp skip for over en milliard kroner. 19. august 2019. E24
Kategori:Hurtigruteskip Kategori:Skip frå 2002