Voulisméni (gresk Λίμνη Βουλισμένη, Límni Voulisméni) er ein tidlegare innsjø som i dag er forbunden med havet.Kommunen Ájos Nikólaos Han ligg i sentrum av byen Ájos Nikólaos på KretaThe World Scientific and Engineering Academy and Society og er sirkelforma med ein diameter på 137 meter og eit djup 67 m.. Dei lokale kallar han berre «innsjøen». Innsjøen er forbunde til havet via ein kanal som vart graven ut i 1870.
I følgje segna skal gudinna Athene ha bada her. Kvart år rundt midnatt før den ortodokse påskedagen samlar mange innbyggjarar i byen seg rundt innsjøen for å feire med fyrverkeri.
Ei anna lokal soge seier at innsjøen er botnlaus.stigmes.gr Basert på at innbyggjarar merka forstyrringar i overflata på vatnet under jordskjelvet på Santoríni i 1956, meinte mange at det var ein geologisk samanheng mellom dei to stadane, men dette har aldri vorte stadfesta vitskapleg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lake Voulismeni» frå , den 20. august 2007.
Bakgrunnsstoff Heimesida til Ájos Nikólaos
Kategori:Lasíthi Kategori:Innsjøar i Hellas