Andikhásia (gresk Αντιχάσια), òg kalla Antikhassia, Antihasia og Antihassia, er eit fjell nord i periferieiningane Tríkala og Lárisa i Thessalía i Hellas. Fjellet er ein del av fjellkjeda Píndos. Fjellet er 1 416 meter høgt og er om lag 40-50 km langt frå aust til vest og 15-20 km breitt frå nord til sør. Elva Piniós renn sørvest for fjellet.
Fjellet har gjeve namn til kommunen med same namn vest i Lárisa.
Skogar dominerer dei lågareliggande områda av fjellet og inneheld furu og gran. Dalområde, grassletter, buskar og berre område dominerer dei høgareliggande områda. Rundt fjellet ligg landsbyar og skogsvegar, i tillegg til ein del turstiar.
Frå toppen av fjellet kan ein sjå Khásiafjella i nord, fjella nordvest i Lárisa, Den thessaliske sletta og nokre nærliggande fjell og dei sentrale Píndosfjella, som Lákmos.
Næraste stader
Oxýnia, nordvest Agiófyllo, nordvest Tsioúka, nordaust Agreliá, søraust Koniskós, sør Vlakháva, sør Trygóna, sørvest Pévka, sørvest
Stader i fjellet
Flambourési, sentralt Gávros, sentralt Longá, aust Mavréli, søraust Skepári, sentralt
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Antichasia» frå , den 22. august 2007.
Kategori:Periferieininga Lárisa Kategori:Fjell i Hellas Kategori:Periferieininga Tríkala