Belasitsa (makedonsk og bulgarsk Беласица, gresk Μπέλες, Béles eller Κερκίνη, Kerkíni) er ei fjellkjede i regionen Makedonia i Søraust-Europa på grensa mellom Hellas, Nord-Makedonia og Bulgaria. Området er kjent for slaget ved Kleidion i 1014, som var avgjerande for fallet til Det første bulgarske riket.
Fjellkjeda er om lag 60 km lang og 7–9 km brei og ligg like nordaust for Dojransjøen. Det høgaste punktet er Radomir på 2 029 moh., og elles ligg fjellkjeda 300 til 1 900 moh. Klimaet er sterkt påverka av Middelhavet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Belasica» frå , den 23. august 2007.
Kategori:Makedonia Kategori:Fjell i Bulgaria Kategori:Fjell i Nord-Makedonia Kategori:Fjell i Hellas