Sjå òg musikkinstrumentet helikon
Elikónas (gresk Ελικώνας) eller Helicon er eit fjell i regionen Thespiés i Viotía i Hellas med ei høgd på 1 749 moh. Det ligg like i nærleiken av Korintbukta.
Fjellet er kjend frå gresk mytologi på grunn av to kjelder som var heilaga for musene: Aganippe og Hippokrene. Hippokrenekjelda vart danna då hesten Pegasus trødde så hardt på ein stein på fjellet at det sprang ut ei kjelde frå staden. Elikónas var òg staden der Narkissos vart inspirert av sin vakre utsjånad i ei anna kjeldeGrant, Michael and Hazel, John. Who's Who in Classical Mythology Oxford University Press, USA; Reprint edition 1993. Elikónas var ein heilag stad som ein meinte vart nytta av gudane og gudinnene. Elikónas var særleg assosiert med musene, som delte emnene sine med kunstnarar. Det vart bygd eit tempel på Elikónas til ære for musene, og tempelet inneheldt statuar av dei.Grimal, Pierre. The Dictionary of Classical Mythology Blackwell Publishing Limited 1996
Hippokrenekjelda vart rekna for å vere kjelda for poetisk inspirasjon. Seint på 600-talet fvt. song diktaren Hesiod om korleis han i ungdomen hadde gjeta sauer i fjellsida på Elikónas. Der skal musene ha inspirert han til å byrje med song om opphavet til gudane. Dermed vart Elikónas eit symbol på poetisk inspirasjon.
Fotnotar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mount Helicon» frå , den 23. august 2007.
Elikon Elikon Elikon