Trollkrabbar er ein familie tifotkreps som hovudsakleg lever i kalde hav. I norske farvatn er dei representerte med trollkrabbe, i nyare tid òg kongekrabbe. Trass i namnet er dei ikkje ekte krabbar; dei høyrer til anomurene og er såleis nærare i slekt med eremittkreps og trollhummarar. Dette går det an å sjå på dei asymmetriske bakkroppane dyra ber under brystet.
Det er registrert om lag 40 artar trollkrabbar i 14 slekter. Fleire av dei vert fanga og selde som mat.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Krepsdyr