Aaslaug Aasland (), fødd i Sandnes, var ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet.

Statsråd Aaslaug Aasland var statsråd i Sosialdepartementet i perioden 1945 til 1953: 5. november 1945 - 20. desember 1948: Konsultativ statsråd i Einar Gerhardsen si andre regjering. Sven Oftedal var sjef for departementet og sosialminister fram til han døydde 23. juni 1948. 20. desember 1948 - 19. november 1951: Konstituert statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i same regjering. 19. november 1951 - 2. november 1953: Statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister), i Oscar Torp si regjering.

Aasland var den første kvinnelege statsråden frå Arbeidarpartiet, og den andre kvinnelege statsråden i Noreg. Den første var Kirsten Hansteen, NKP, i Einar Gerhardsen si første regjering i 1945. Aaslaug Aasland var ein banebrytar i norsk velferds- og sosialpolitikk.

Utdanning og karriere Aaslaug Aasland vart student i 1916, og vart cand.jur. i 1922.

Ho hadde kontorpost i Husfliden i Oslo og ved sakførarkontor. Etter juridikum arbeidde ho som sorenskrivarfullmektig i Alta 1922-1923. Ho var leiar for Norske Kvinners Nasjonalråd (NKN) sine sosialkurs og også sekretær i NKN 1924-1931. Ho var deretter inspektør ved fengsla og ved arbeidshuset for kvinner i Oslo 1931-1936. Ho var kvinneleg arbeidsinspektør 1936-1945, og direktør for Bredtveit kvinnefengsel frå 1945. Ho var konstituert byråsjef i Sosialdepartementet 1954-1955.

Verv Kommunalpolitiske verv: Medlem Oslo bystyre 1945-1947

Offentlege verv: Formann Hushjelplovkomiteen 1936-1939 Formann Utredningskomiteen for Statens kommunal- og sosialskole 1948-1951 Medlem Tilsynsrådet for Kvinnefengselet og Arbeidshuset for kvinner Medlem Styret for Norsk Vernesamband Medlem Statens ferieråd

Tillitsverv i organisasjonar: Medlem Styret for Norsk Folkehjelp

Litteratur Aasland, Aaslaug: Kvinners rettslige stilling, Oslo 1936 Aasland, Aaslaug: Den nye arbeidervernloven, Oslo 1937

Kjelder Aaslaug Aasland hos Stortinget.no, vitja 23. april 2010

Kategori:Norske sosialministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen II Kategori:Statsrådar i Regjeringa Torp Kategori:Ap-politikarar i Oslo Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Sandnes