Néa Smýrni (gresk Νέα Σμύρνη) eller Nea Smirni er ein kommune i dei sørlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí. Néa Smýrni ligg om lag 5 km sørvest for sentrum av Aten og om lag 6 km aust for Pireus.

Området bestod tidlegare av jordbruksområde og noko skog. I 1922 kom det mange flyktningar til staden frå Smyrna (i dag Izmir) etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922. Dei slo seg ned her og danna Néa Smýrni, eller Nye Smyrna, og området vart etter kvart urbanisert. I dag består området stort sett av bustadar.

Kjende personar frå Néa Smýrni Polína, gresk songar

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside

Kjelde

Nea Smyrni Nea Smyrni Nea Smyrni