Néa Ionía (gresk Νέα Ιωνία, tyder Nye Jonia) er ein kommune i dei nordlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.

Néa Ionía ligg nordaust for Patísia og er kalla opp etter Jonia, eit område i Tyrkia som mange grekarar emigrerte frå i 1920-åra etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922.

Området bestod tidlegare av jordbruksområde og skog, og ein finn noko av skogane igjen i enkelte alemenningar i dag. Mykje av kommunen er i dag urbanisert.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nea Ionia» frå , den 11. september 2007.

Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside

Nea Ionia Nea Ionia Nea Ionia