Det kommunistiske manifestet (originalt Det kommunistiske partis manifest, frå ) er eit agitasjonskriv og politisk manifest frå Karl Marx og Friedrich Engels utgjeven i februar 1848, og er eit av dei mest namngjetne politiske skrifta i verda og verdshistoria.
Skrivet tek for seg historieteori og kapitalismekritikk, kritikk av annan sosialistisk litteratur og eit program og ein strategi for «kommunistane».
Fleire av formuleringane i manifestet er blitt historisk namngjetne i seg sjølve, som: «Arbeidarar i alle land, samein dykk!».
Skildring og historie I 1847 ba Kommunistforbundet () Marx og Engels å laga eit handfast manifest dei kunne arbeida etter.
Manifestet vart fyrst publisert anonymt i London på tysk i februar 1848. Skrivet vart ferdig berre dagar før utbrytinga av Februarrevolusjonen, men hadde liten tilknytning til han. Marx vart som konsekvens utvist frå Belgia, der han var busatt.
Nemninga «kommunist» hadde ikkje same tyding i 1840-åra som ho fekk etter den russiske revolusjonen. Marxisme-leninisme, som ofte berre vert kalla kommunisme, utvikla seg seinare og avviker frå ortodoks marxisme. Marx sin kommunisme kan difor ikkje samanliknast direkte med etterfylgjarar som har forsøkt å ta eigarskap til hans namn.
Skrivet er både eit manifest og ein politisk appell, og har fire delar. Den fyrste delen handlar om førehaldet mellom borgarskapet og proletariatet, den andre delen handlar om proletariatet og kommunismen, mens den tredje delen viser til annan sosialistisk litteratur og den fjerde delen skildrar førehaldet til andre politiske parti.
Manifestet vart først utgjeve på bokmål i 1918 og så på nynorsk i 1921. Den nynorske omsetinga var av August Bosse, og begge vart utgjevne av Det norske Arbeiderpartis forlag.
Den nynorske omsetjinga kom i ny utgåve i 2014 på Marxist Forlag.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sosialistiske skrifter Kategori:Bøker frå 1848 Kategori:Historieteoriar