Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) er eit teknologiføretak i Kongsberg Gruppen (sic) (KOG) som produserer utstyr for militær bruk og romfart. Dei mest kjende produkta er raketten Pingvin. Føretaket stammar fra Norsk Forsvarsteknologi (NFT) og før det igjen frå Kongsberg Våpenfabrikk (KV).

KDA har 1480 tilsette i inn- og utland og samarbeider mellom anna med det europeiske luftfarts- og forsvarskonsernet EADS og Raytheon og Lockheed Martin i USA.

Produkt Integrated Director Group (IDG) – radarsystem for målbelysning Pingvin/Penguin – passivt varmesøkande antiskipsrakett Naval Strike Missile (NSM) – antiskipsrakett med passiv varmesøkar Trenarar og simulatorar for mange uliek system Mekanikk og optomekanikk for romfartøy EriTac – taktisk kommunikasjon Multi-Role Radio (MRR) – feltradioar ComBatt – eit system for slagmarkasadministrasjon Krypteringsutstyr NORTaC-C2IS – kommando- og kontrollsystem for taktiske operasjonar i Hæren Komposittmaterialar MSI-90 ubåtsystem – kommando og våpenstyring for ubåtar MSI 2005F – system for antiubåtkrigføring; til bruk på m.a. fregattar Senit 2000 – kommandosystem for Hauk-klasse MTBar MICOS – minejakt og minesveiping Kongsberg Mission Planning System (KAMP) – taktisk system for marineoperasjonar Minesniper – Fjernstyrt mineødeleggar Protector RWS – fjernstyrt bevegeleg tårn for kampkjøretøy SL-AMRAAM - bakkeavfyrt AIM-120 luftver, både som separat system i NASAMS og integrert med HAWK GBADOC – bakkebasert luftromskontrollsystem Programvare for E3A AWACS

Bakgrunnsstoff

Heimesida til Kongsberg Gruppen (sic)

Kategori:Norske industriselskap Kategori:Romfart Kategori:Våpen Kategori:Kongsberg Gruppen