Kaposvár er ein by med fylkesrettar og hovudsete i distriktet med same namn i fylket Somogy i regionen Sør-Transdanubia i Ungarn. Han er òg fylkeshovudstad i Somogy fylke og ligg 186 km sørvest for Budapest ved elva Kapos.
Historie Ifølgje segna vart byen grunnlagd på sjå åsar. Området har vore busett dei siste sju tusen åra. Rundt år 400 fvt. var keltarar busett i området.
Byen vart først som Kapos i dokument frå bispedømet Pécs i 1009. Den rektangulære motteborga vart rekonstruert som ei steinborg på 1400-talet. Borga vart øydelagd i 1702 etter ordre frå Leopold I av Det tysk-romerske riket.
Osmanarane erobra byen etter ei fem dagar lang omleiring i 1555. Han vart frigjort frå det osmanske styret i 1686.
I 1749 vart Kaposvár fylkeshovudstad. På 1800-talet utvikla byen seg kraftig sidan han låg ved jernbanen mellom Budapest og Zagreb. Kaposvár vart ein viktig industriby.
I 1950 vart landsbyen Kaposszentjakab ein del av byen og i 1973 òg landsbyane Kaposfüred, Toponár og Töröcske.
I 1990 fekk Kaposvár, som ein by med meir enn 50 000 innbyggjarar, status som by med fylkesrettar. Sidan 1993 har han vore sete for ein biskop. Universitetet i Kaposvár vart grunnlagd i 2000.
Folketal Folketalet i busetnaden ved dei siste folketeljingane:
Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2022 Kaposvár 68 697 66 245 59 397
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kaposvár» frå , den 28. september 2007.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar med fylkesrettar i Ungarn Kategori:Fylkeshovudstadar i Ungarn Kategori:Byar i Somogy fylke Kategori:Busetnader i Kaposvár distrikt