Jens Olai Steffensen () var ein norsk politikar (Ap) og fiskarlagsformann. Han var blant anna stortingsrepresentant, formann i Noregs Fiskarlag og styreformann i Noregs Råfisklag.
Jens Steffensen var opphavleg fiskar og anleggsarbeidar. Han var stortingsrepresentant for Nordland mellom 1934 og 1957, ordførar i Bø ein kort periode i 1945, og varaordførar mellom 1934 og 1941. Han var formann i Noregs Fiskarlag 1937-1941 og 1945-1951, og styreformann i Noregs Råfisklag mellom 1952 og 1961.
Steffensen var ein kjend, men omstridd fiskeripolitikar. I 1951 gjekk leiinga i Arbeidarpartiet inn for å liberalisere trålarlova. I Fiskarlaget, med Jens Steffensen i spissen, var det sterk motstand mot dette, og Steffensen klarte å mobilisere eit fleirtal i Arbeidarpartiets stortingsgruppe mot forslaget. Forslaget vart likevel vedteke med støtte frå dei borgarlege partia. Som følgje av dette dekk han sidan motstand frå leiinga i sitt eige parti.
Stortingskomitéar 1954-1957 formann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen 1954-1957 medlem i Valgkomitéen 1950-1953 formann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen 1950-1953 medlem i Valgkomitéen 1945-1949 formann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen 1945-1949 medlem i Valgkomitéen
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Ordførarar i Bø i Nordland Kategori:Ap-ordførarar i Nordland Kategori:Folk frå Bø i Nordland