Lettermullen (irsk Leitir Mealláin) er ei lita øy på vestkysten av Irland i Connemara i County Galway, om lag 57 km frå byen Galway. Øya ligg heilt vest i Galway Bay og er den vestlagste av dei tre øyane Lettermullen, Tír an Fhia og Lettermore, som i lag vert kalla Gorumna. Ho er forbunde til fastlandet via bruer og vegfyllingar.

Lettermullen er ein del av Gaeltacht (irskspråklege regionar i Irland). Namnet kjem frå det irske namnet Leitir Mealláin som tyder «Mealláin si harde åsside».

Kjelde

Kategori:Galway Kategori:Irske øyar