Gunvor Hofmo () var ein norsk lyrikar frå Oslo. Ho blir rekna som ein av dei viktigaste modernistiske lyrikarane her i landet.
Veninna hennar, den jødiske flyktningen Ruth Maier, blei i 1942 deportert og drepen i Auschwitz. Dette var kanskje den enkeltepisoden som i særleg grad skulle føre til at Hofmo seinare fekk store psykiske problem. I perioden 1954–1975 var ho fleire gonger innlagd på Gaustad psykiatriske sjukehus. I dei seinare dikta hennar er lidinga i krigen, sorga over den tapte, skuldkjensla og sjukehustilværet tilbakevendande tema.
I 1947 møtte Hofmo lyrikaren Astrid Tollefsen. Dei to blei etter kvart sambuarar, og var som ope lesbiske kvinner som blei lagde merke til på den tida.
Jan Erik Vold har karakterisert Gunvor Hofmo som ein av dei aller fremste lyrikarane i Noreg, og han gav i 2000 ut ein biografi om henne under namnet Mørkets sangerske. Vold var også redaktør for Hofmo sine Etterlatte dikt og Jeg glemmer ingen. Hofmos psykiske sjukdom har vore omtala i psykiateren Nils Retterstøl si bok Store tanker, urolige sinn.
Bibliografi
Jeg vil hjem til menneskene – (1946) Fra en annen virkelighet – (1948) Blinde nattergaler – (1951) I en våkenatt – (1954) Testamente til en evighet – (1955) Treklang – dikt i utvalg (1963) (saman med Astrid Hjertenæs Andersen og Astrid Tollefsen) Gjest på jorden – (1971) November – (1972) Veisperringer – (1973) Mellomspill – (1974) Hva fanger natten – (1976) Det er sent – (1978) Nå har hendene rørt meg – (1981) Gi meg til berget – (1984) Stjernene og barndommen – (1986) Nabot – (1987) Ord til bilder – (1989) Fuglen – (1990) Epilog – (1994) Samlede dikt – dikt i samling (1996) Etterlatte dikt – dikt (1997) Jeg glemmer ingen – dikt (1999) (illustrert med akvareller av Ruth Maier) Etterlatte dikt – utvida utgåve (2012)
Prisar
Gyldendals legat 1951 Kritikerprisen 1971, for Gjest på jorden Gyldendals legat 1974 Doblougprisen 1982 Riksmålsforbundets litteraturpris 1989
Bakgrunnsstoff Bøker av Gunvor Hofmo digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket
Utgjevingar av Gunvor Hofmo i BIBSYS Gunvor Hofmo i NRK Gunvor Hofmo i Dagbladet
Kjelde
Denne artikkelen bygger på «Gunvor Hofmo» frå , den 11. februar 2012.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat