mini|Ikonet av Andrej Bologjubskij Andrej Bogolubskij (levde om lag 1111-1174) var knjaz av Vladimir-Suzdal. Han var son av Jurij Dolgorukij og gift med ei kiptjaker-kvinne som var dotter av ein kiptjakerkhan.

Frå barndommen skilde han seg ut med kjærleik til kyrkjelege tenester og gav mykje til fattige. I 1155 drog knjaz Andrej til riket Vladimir-Suzdal utan å spørje faren. Der bar han med seg Vladimirskaja-ikonet av Jomfru Maria frå Vysjgorod. Her kom Jomfru Maria til han og bad han grunnlegge eit kloster til ære til for hennar fødselsdag. Knjazen gav ordre om å måle eit nytt ikon med synet Andrej fekk av Maria. Ikonet fekk namnet Bogoljubskaja, og klosteret Bogoljubskij.

Andrej vart vald til knjaz av ei samling og var den første i Rutenia som etablerte eineherredøme. Under regjeringstida hans vart Rutenia større og vart eit nytt senter i Russland, og knjaz Andrej vart den første store russiske knjazen. Han bygde mange kloster og katedralar.

Andrej vart drepen i 1174 etter ei samansverjing der tjue av hoffmennene hans storma inn og knivstakk han medan han sov.

Minnefestdagar for St. Andrej 17. juli (4. juli i den julianske kalenderen)

Kjelder Ortodoks kalender

Kategori:Ortodokse helgenar Kategori:Fødde i 1111 Kategori:Døde i 1174