Vefsn Mållag vart stifta laurdag 14. oktober 1899 som Mosjøen og Vefsen Maallag.Helgelands Tidende, tirsdag 17. oktober 1899

Laget er direkte innmeldt i Noregs Mållag.

Laget hadde 52 medlemmar i 2023.Årsmelding Noregs Mållag 2022-2024, side 79

Forløpar Det første sporet etter eit mållag i Vefsn finn vi i 1870, og laget blei truleg stifta sist i 1860-åra. Sentral i arbeidet den gongen var lensmannen C.M. Havig. Ein annan inspirator kan ha vore lærarskolestyraren Johannes Belsheim, han var ei tid i 1860-åra styrar av Vefsn seminarium i Mosjøen, og i 1864 heldt han 17. mai-tale på landsmål i Vefsn. Styret i dette mållaget var lensmann C.M. Havig, gardbrukar Jakob Hansson, Bjørnålia, og gardbrukar Lars Benjaminsson, Eiterholmen.Nordlands Folkeblad, mandag 3. mai 1915: Lars Holmen Dette mållaget gjekk inn etter få år.

Lagsarbeid Den første formannen var lærar og seinare stortingsmann Anton Mikal Bjørnaali. I 1906 var laget med å etablere Kaffistova i Mosjøen, ein etestad som mållaget i dag eig i lag med Hålogaland Ungdomslag. Mållaget var sentralt i arbeidet for å etablere ei bygdesamling i Vefsn, og laget har av den grunn ein medlem i styret for Vefsn Museum.

Gjennom vel hundre år har arbeidet for nynorsk mål i skole, kyrkje og samfunn vore sentrale arbeidsfelt. Meir generell folkeopplysing har i periodar vore like så viktig for laget.

Våren 1900 tok mållaget initiativ til å innføre lærebøker på landsmål (nynorsk) i alle fag og skolar. Skolestyret arrangerte avstemmingar, og i januar 1901 vedtok skolestyret med 14 mot 4 røyster å gå over til landsmål (nynorsk) i alle skolekretsane i heradet.Den 17de mai, laurdag 12. januar 1901

I 1947 vedtok soknerådet etter opptak frå Vefsn og Mosjøen at det skulle vere 10 nynorske gudstenestar i Dolstad kyrkje.Norsk Tidend 25.9.1947

Vefsn mållag har i mange år arbeidd for at foreldre skulle velje nynorsk for ungane som starta på skolen.Nordlands Avis, fredag 8. november 1974

Lagsnamnet var Vefsn og Mosjøen mållag fram til kommunesamanslåinga i 1965. På årsmøtet 18. februar 1966 blei lagsnamnet endra til Vefsn mållag.Nordlands Avis 25.2.1966

I 1975 arrangerte Vefsn mållag landsmøte for Noregs Mållag.Nordlands Avis, fredag 22. mars 1974

Vefsn og Mosjøen kvinnemållag

Laurdag 25. oktober 1902 blei Vefsn og Mosjøen Kvinnemållag skipa, og det teikna seg straks 12 medlemmar.Nordlands Folkeblad, fredag 31. oktober 1902 Det vekte åtgaum at ""Kulstadkjærringan" hadde skapt seg eit Maallag paa den Vis, at dei kom saman med eit Handarbeid, ein Bunding eller slik og las høgt or ei eller anna Maalbok." meldte Nordlands Folkeblad 6. mars 1903.Nordlands Folkeblad, fredag 6. mars 1903: Hamar-Brev (Sv.H.) Men "En Kulstadsø-Kvinde" tillet seg likevel å opplyse til Nordlands Folkeblad 17. mars 1903 at «ingen "Kulstadkjærring" eller nogen Kvinde ved Kulstadsøen har startet noget Maallag som ovenfor nævnt, eller er Deltager i i et slikt lag.»Nordlands Folkeblad, tirsdag 17. mars 1903

Kinnemållaget heldt møta sine på folkehøgskolenNordlands Folkeblad, tirsdag 11. august 1903, og 25. oktober 1903 heldt laget sin første årsfest her.Nordlands Folkeblad, fredag 23. oktober 1903

I 1915 meldte laget at det som regel var møte ein gong i månaden.Decorah-posten, tirsdag 30. mars 1915 I 1917 sette kvinnemållaget i gong eit kurs i norsk og engelsk.https://www.nb.no/items/2f4d956053610116f3a9fdc54bc90526?page=3&searchText=kvinnemaallag Kvinnemållaget var enno i drift i 1924.Den 17de mai, torsdag 23. oktober 1924: 25-årshøgtida aat Vefsn folkehøgskule

Leiarar i Vefsn mållag For åra 1899 - 1925 har det vore vanskeleg å finne ei fullstendig leiarrekke, men lista er oppdatert etter avisoppslag og årsmeldingar. Desse har vore leiarar i laget frå 1899:Ei viktig kjelde har vore Kjell Øksendal (1997) «Vefsn - målbastion i nord» i Far etter fedrane 1990. Utgitt av Vefsn Museum, 1989Helgeland Arbeiderblad, 20. oktober 1969 har i artikkelen «Formenn i Vefsn mållag opp gjennom åra» eit oversyn over formenn i åra 1927-1969

Mikal Bjørnåli, 1899–1903, blei vald til første formann 14.oktober 1899.Nordlands Folkeblad, tirsdag 17. oktober 1899: "Et Maallag for Vefsen og Mosjøen blev stiftet Lørdag...." Mikal Bjørnåli gjekk også under namnet Anton Mikal Jakobsen BjørnaaliNordlands Folkeblad, torsdag 23. desember 1915 (slektsoversyn) eller berre Anton Mikal Jakobsen.Helgeland Arbeiderblad, 5. oktober 1949: «Frå Mållagets 50-årsfest» Bjørnåli blei attvald i 1901Nordland, mandag 18. februar 1901 og 2. januar 1903.Nordlands Folkeblad, tirsdag 6. januar 1903: «Vefsen og Mosjøens Maallag holdt Aarsmøde Fredag....» Odin Benum, 1904–1905, blei vald i 1904 og attvald i januar 1905.Nordlands Folkeblad, torsdag 5. januar 1905 Kristian Audne, 1906–1911, blei vald på årsmøtet 11. mars 1906,Nordlands Folkeblad, mandag 12. mars 1906 attvald 28. desember 1906Nordlands Folkeblad, mandag 31. desember 1906 og attvald 18. februar 1911.Nordlands Folkeblad, torsdag 23. februar 1911 Jakob Sverdrup (folkehøgskolelærar), 1912, blei vald til ny formann 2. mars 1912,Nordlands Folkeblad, mandag 4. mars 1912 men han forlet Mosjøen i 1913.Nordlands Folkeblad, torsdag 5. juni 1913: Folkeakademiet 1913-1915: manglar namn for 1913, 1914Sjå innkalling til årsmøtet 4. april 1914 i Nordlands Folkeblad, mandag 30. mars 1914 og 1915. Petter Benum, 1916–1919, blei vald 15. januar 1916, og attvald i 1918"Årsmelding for 1918 for Vefsn og Mosjøen mållag" (NM-arkivet)Sjå referat frå årsmøtet 1918 i Nordlands Avis, onsdag 6. mars 1918 og 1919Sjå referat frå årsmøtet 1919 i Nordlands Avis, mandag 27. januar 1919 Odin Benum, 1920–1922, blei vald i 1920"Årsmelding for 1920 for Vefsn og Mosjøen mållag" (NM-arkivet) og attvald 20. februar 1921Nordlands Avis, mandag 28. februar 1921 og i 1922."Årsmelding for 1922 for Vefsn og Mosjøen mållag" (NM-arkivet) Sjå referat frå årsmøtet 1922 i Nordlands Avis, lørdag 4. februar 1922 Anders Svare, 1923–1924, blei vald i 1923 og attvald i 1924Sjå referat frå årsmøtet 1923 i Helgelands Blad, fredag 23. mars 1923 Asgeir Øyen, 1925Den 17de Mai, onsdag 4.mars 1925 Martin Langseth, 1926–1927, blei vald i 1926 og attvald i februar 1927.Sjå referat frå årsmøtet 1927 i Nordlands Avis, fredag 18. februar 1927 Kristian Tustervatn, 1928"Årsmelding for 1927 for Vefsn og Mosjøen mållag", datert 29.3.1928 (NM-arkivet) Ola Nergård, 1929Årsmelding for 1928 for Vefsn og Mosjøen mållag", datert 10.2.1929 (NM-arkivet). Sjå også referat frå årsmøtet 10.2.1929 i Nordlands Avis, 19.2.1929 nb.no Oddbjørg Kulstad, 1930Årsmelding for 1930 (eigentleg 1929) for Vefsn og Mosjøen mållag", datert 14.2.1930 (NM-arkivet). Sjå også referat frå årsmøtet 1930 i Nordlands Avis, fredag 14. februar 1930 Odin Benum, 1931–1936Sjå referat frå årsmøtet 1931 i "Nordlands Avis", 6.2.1931 nb.no, frå årsmøtet 1933 i d.s., 21.2.1933 nb.no, frå årsmøtet 1934 i d.s. 20.4.1934 , frå årsmøtet 1935 i d.s., 1.2.1935 nb-no Bjarne Spjelkavik, 1937Sjå referat frå årsmøtet 1937 i Helgeland Arbeiderblad, tirsdag 23. mars 1937 Reidar Svare, 1938 Ola Nergård, 1939–1945 Asbjørn Hundåla, 1946 Anders Sausjord, 1947–1948 Leiv Nes, 1949–1950 Alf Hamnes, 1951–1952 Ragnar Remmen, 1953–1954 Kristian Halse, 1955 Magnus Utgard, 1956 Kåre Vikdal, 1957–1959 Erling Lyftingsmo, 1960–1963 Åse Floa Steinrud, 1964–1968Sjå referat frå årsmøtet 18.2.1966 i "Nordlands Avis", 25.2.1966, og referat frå årsmøtet 1968 i d.s., 1.3.1968 Rolf Nesje, 1969–1972Sjå Nordlands Avis 30.5.1969 og Nordlands Avis 1.7.1971 og Nordlands Avis 15.7.1972 Åslaug Mjøs, 1973–1976Sjå Nordlands avis 9.4.1974 Elin Skintveit Larsen, 1976–1979 Ingen leiar vald på årsmøtet 1979Helgeland Arbeiderblad, tirsdag 13. februar 1979: "Fem skal leie Vefsn mållag" Per Smørvik, 1980–1981 Sigrun Nicolaisen, 1982–1983 Alv Helge Skeie, 1984 Per Sjåvik, 1985–1986 Lyngve Nesje, 1987–1991 Unn Herringbotn, 1992 Magnar Stølen, 1993–1996?Helgeland Arbeiderblad, onsdag 10. mars 1993: "Nytt frå Vefsn mållag" (årsmøte 17.02.93) Helgeland Arbeiderblad, fredag 22. april 1994: "Nytt om nynorsk" (årsmøte 16.02.94) Åse Floa Steinrud, 1997–1999Helgeland Arbeiderblad, mandag 24. mars 1997: "Godt år i mållaget" (årsmøte 17.03.97) Helgeland Arbeiderblad, onsdag 25. mars 1998: "Tusenlapp som gulrot" (årsmøte 23.03.98) Helgeland Arbeiderblad, onsdag 24. mars 1999: "Belønnet for å skrive nynorsk" (årsmøte 22.03.99) Kristian Halse 2000–2001Helgeland Arbeiderblad, onsdag 22. mars 2000: «Får penger for å ha lært nynorsk» (årsmøte 20.03.2000): «Styret skal sjølv konstituere seg, inntil det skjer er mållaget utan formell leder.»Helgeland Arbeiderblad, fredag 2. juni 2000: «Flinke forfattarar» (prisutdeling ved leiaren i Vefsn mållag, Kristian Halse) Magnus Utgard, 2002–2004Helgeland Arbeiderblad, mandag 6. mai 2002: "Språkmøte i mållaget": "Magnus Utgard vart vald som ny leiar i Vefsn mållag på årsmøtet nyleg, etter Kristian Halse." Helgeland Arbeiderblad, onsdag 26. mars 2003: "Pris til målungdom": "På årsmøtet vart Magnus Utgard attvald som leiar." Knut Skorpen, 2005–2007Helgelendingen, 15.juni 2005 (Knut Skorpen, leiar)Helgeland Arbeiderblad, fredag 10. november 2006: "Vel nynorsk i skolen" Av: Knut Skorpen, Vefsn mållag.Helgelendingen, 11. september 2007 (Knut Skorpen, leiar) Magnar Stølen, 2008–2010Helgeland Arbeiderblad, måndag 28. april 2008: "Flinke skrivarar" Av: Magnar Stølen.Helgeland Arbeiderblad, fredag 12. mars 2010: "Attval i mållaget": " (…) Magnar Stølen attvald som styreleiar". 2011-2012: manglar opplysningar Villy Nordmo, 2013–2021Helgeland Arbeiderblad, tysdag 12. november 2013: "Inviterer til Aasen-kveld": " (…) leder i Vefsn mållag, Villy Nordmo". Randi Einrem, 2021- Elsa Bjørlykke 2024-

Litteratur Kristian Halse (1997) «Mållaget i Vefsn - eit farande folkeakademi» i Far etter fedrane 1998. Utgitt av Vefsn Museum, 1997. ISBN 82-90775-18-0 Kjell Øksendal (1989) «Vefsn - målbastion i nord» i Far etter fedrane 1990. Utgitt av Vefsn Museum, 1989, ISBN 82-90775-03-2 Kjell Jacobsen: (1975) Overgangstid / Vefsnbygdene ca. 1820 - 1900 (Vefsn bygdebok bind II) ISBN 82-990173-3-5 Tove Bull og Kjellaug Jetne (1982): Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Det Norske Samlaget, Oslo.

Fotnotar

Kategori:Noregs Mållag Kategori:Vefsn kommune Kategori:Skipingar i 1899 Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg Kategori:Nordnorske mållag