Corno Grande er eit fjell i Gran Sasso-massivet i Italia. Det er den høgaste fjelltoppen i Appenninane og på Den italienske halvøya utanfor alpene, med ei høgd på 2 912 meter over havet. I den nordlege dalbotnen ligg den sørlegaste isbreen i Europa, Calderonebreen (Ghiacciaio del Calderone).

Fjellet vart først klatra i 1573 av Francesco De Marchi frå Bologona i lag med Francesco Di Domenico. Den vanlegaste ruta til toppen er langs vestryggen, men det finst òg mange ruter frå sørsida.

mini|venstre|Corno Grande frå sør.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Corno Grande» frå , den 13. november 2007.

Kategori:Appenninane Kategori:Fjell i Italia