Helge Torvund () er ein norsk forfattar og psykolog. Han er ein jærbu som bur på Ogna i Hå kommune i Rogaland. Han er bror til biletkunstnaren Gunnar Torvund (1948–2019).

Virke Torvund har arbeidd som kunstkritikar i Stavanger Aftenblad, og var fast lyrikkmeldar i Dagbladet frå 2001 til 2008. Han har også drive mykje med skriverkstad i skulen etter Kenneth Koch sin metode, og er diktlærar for nettsida Diktkammeret drive av som Dagbladet.no. Helge Torvund har og gjendikta den amerikanske lyrikaren Robert Bly til norsk.

Tekst med bilete Torvund har arbeidd saman med mange andre biletkunstnarar og fotografar i avis, bokverk og utstillingar. Blant desse er fotograf Morten Brun, som hadde ei fast spalte med foto og dikt saman med Torvund i Dag og Tid i fem år. Torvund har laga fleire bokverk saman med Knut Bry og ei praktbok saman med Ingvar Moi (Ventar i vinden). Han har hatt ei stor utstilling saman med broren Gunnar Torvund (2rvund) med skulptur og dikt og diktskulpturar. Kjell Nupen gjennomillustrerte gjendiktingane av nordamerikanske indianarsongar som kom ut på Bokklubbens Lyrikkvenner i 1986. Dikta i Blått sug er sett saman med og står til måleri av Lars Hertervig. To av barnebøkene til Torvund er illustrerte av Knut Jørgensen, og Brødfanten har han illustrert sjølv. Våren 2007 kom den kritikarroste diktsamlinga Alt er høy som vart rekna som ei fornying og ei utviding av forfattarskapen.samlaget.no

Songtekstar I 2010 skreiv Torvund teksten til «Nede for telling» som Bjørn Eidsvåg gav ut som singel frå albumet Rundt neste sving. Albumet, som var produsert av Thomas Dybdahl, vart årest mestseljande album i Noreg og låg som nummer 1 på VG-lista. «Nede for telling» vart mykje spela på radio. I 2015 skreiv Torvund to av songtekstane til albumet Populas som visegruppa Vamp gav ut. Låtane var balladen «Øyentrøst» og bluesen «Du».

Utgjevingar Hendene i byen 1977 Til dine auge 1978 Taxameter og puls 1979 Mennesketimar 1980 Mennesketing 1981 Menneskerom 1982 Lyssmeden 1983 Han skil dagen 1984 På terskelen til morgonhuset 1986 Multippel og Dama med himmelhatten 1986 Multippel møter Morfus med sølvfløyta 1987 Arm i arm med natta 1987 I vatn, i lys 1988 Brødfanten og andre skabelonar 1988 Den monotone triumf 1989 Til fots i mitt namn 1990 Avstanden er eit vipeskrik 1992 Salt 1994 Håplaust forelska i sitt eige skjelett 1995 Umerkeleg, merkeleg 1996 Bare eitt spørsmål til (Samlaget) 1997 Hjorten kjem når eg syng. Rituelle songar frå nordamerikanske indianarar 1986 Inntil vidare ventar me her (Samlaget) 1998 Robert Bly: Morgondikt. (Samlaget) 1999 Gå heim og kyss din kvardag 1999 Kitty K. (Samlaget) 2000 Diktkammeret (Samlaget) 2002 Blått sug 2002 Trur du på lyng? (Samlaget) 2003 Nattlys (Samlaget) 2004 Opp i dagen (Samlaget) 2005 Alt er høy (Samlaget) 2007 Jæren. Himmel og hav (Natur- og kulturforlaget) 2007 Sjelsord. Om terapi, poesi og hypnose (Samlaget) 2008 Fantasiblikket (Wigestrand) 2008 Alabama? (Aschehoug) 2011 Vivaldi (Magikon) 2011 Å våga seg ut i ord : Diktkammeret 10 år (Samlaget) 2011 The sudden cats (Magikon) 2013 Skal me leggja ein vedstabel saman. Mine beste kjærleiksdikt (Kvalshaug forlag) 2014 filosoFISK (Wigestrand) 2017 Medan våren ventar (Bokbyen | Heidruns) 2017 Tidslys (Aschehoug) 2018 Livsfylde (Jæren Forlag) 2019 Liljevilje (Aschehoug) 2020 Lyset du treng finst. Dikt i utval (Aschehoug) 2021 Samspelglød. Gjendiktingar av Micheal O'Siadhail (Solum Bokvennen) 2022 Til mor. Memoarar (Jæren Forlag) 2022 Opnar døra i språket og går ut (Aschehoug) 2023 Jærkshire. Jæren og Yorkshire (Jæren Forlag) 2024 Løyndomsfuglar. 'Patafysisk fuglebok (Solum Bokvennen) 2024 Ord på jord. Diktleksjonar for barn. (Magikon) 2024 Der hegre stig. Glimt av Garborg. (Aschehoug) 2025

Prisar og utmerkingar Hartvig Kirans minnepris 1982 Nynorsk litteraturpris for 1989, tildelt 1990. For diktsamlinga Den monotone triumf. Samlagsprisen 1996 Målprisen 2006 frå Rogaland Mållag Ordknappen 2008 Stavanger Aftenblads kulturpris 2011 Inspirasjonsprisen 2013 frå Norsk Psykologforening Rogaland lokalavdeling Rogaland fylkeskommunes kulturpris 2014 Wildenveys Poesipris 2016 Wergelands åre 2016 Doblougprisen 2018 Hå kommunes kulturpris 2020 Nynorskprisen i Hå 2024

Referansar

Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Helge Torvund hjå Nasjonalbiblioteket Vestlandsforfattere: Torvund Utgjevingar av Helge Torvund i BIBSYS Ask

Kategori:Forfattarar frå Rogaland Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Hå Kategori:Vinnarar av Nynorsk litteraturpris Kategori:Vinnarar av Samlagsprisen