«Ol' '55» er ein song skriven og spelt inn av Tom Waits. Det er opningssporet på debutalbumet hans Closing Time frå 1973. Songen er ein roleg pianoballade om ein mann som køyrer på landevegen.
Songen vart året etter spelt inn av The Eagles for albumet deira On the Border med stor suksess. Waits sjølv har kritisert at andre har spelt songane hans og sa at han «ikkje var særleg glad for The Eagles si utgåve av songen...Eg syns utgåva deira var litt antiseptisk»tomwaitslibrary.com
I 1993 vart ei tidleg demoutgåve av songen gjeven ut på samleplata The Early Years Volume Two. Demoen inneheld Waits på akustisk gitar, i motsetnad til piano som han speler på den offisielle albumversjonen.
Andre innspelingar
1974 Eagles på albumet On the Border, og ein konsertversjon på samleplata Selected Works: 1972-1999. 1974 Fairport Convention-songaren Iain Matthews på albumet Some Days You Eat the Bear 1975 Eric Andersen på albumet Be True To You 1980 Richie Havens på albumet Connections 1994 Sarah McLachlan på The Freedom Sessions 1999 Acda en De Munnik på bonusalbumet Live in de orangerie i 1999. 1999 K's Choice på plata Extra Cocoon - All Access 2009 Sass Jordan på albumet From Dusk 'Til Dawn 2012 Nick & Simon på albumet Sterker (Deluxe/ DVD Wisseloord Sessies) 2013 Released From Quiet i konsertopptak på albumet Released From Quiet
Konsertversjonar 2010 Gov't Mule spelte «Ol' 55» den 18. juli 2010 i som ekstranummer med Jackie Greene.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ol' '55» frå , den 16. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Tom Waits-songar Kategori:Songar skrivne av Tom Waits Kategori:Eagles-songar Kategori:Songar om bilar Kategori:Debutsinglar frå 1973 Kategori:Sarah McLachlan-songar Kategori:Richie Havens-songar