Ganymedes er den største månen til Jupiter, og den største månen i heile solsystemet. Han vart oppdaga av Galileo Galilei 7. januar 1610, truleg nesten samstundes med Simon Marius, som namnsette månen.

Han har ei omlaupstid på 7,155 døgn og ein middelavstand til planeten på 1 071 millionar km. Diameteren til månen er 5262 km.

mini|venstre|Fotografi av yta på Ganymedes

På fotografi frå Voyager-- og Galileo-romsondane viser overflata område med høg kratertettleik. Nokre av kratera er gamle og nesten heilt utviska, medan andre er unge og skarpe med strålesystem. Det finst òg område med 5-10 km breie, ofte parallelle furer som skuldast foldingar i ei tidlegare tynn skorpe. Ganymedes er utanom jorda den einaste kloten der det er påvist foldingar. Observasjonar gjorde av både Hubble-teleskopet og romsonden Galileo tyder på at det finst eit saltvasshav under yta på Ganymedes.NASA's Hubble Observations Suggest Underground Ocean on Jupiter's Largest Moon - HubbleSite

Kjelder

Ganymedes Kategori:Objekt tidlegare rekna som planetar Kategori:Himmellekamar oppdaga i 1610