mini|Campanile di Giotto. Giotto var arkitekt for klokketårnet på Piazza del Duomo i Firenze, men han døydde før det var ferdig. Giotto () eller Giotto di Bondone, 'Giotto frå Bondone', var ein italiensk målar og arkitekt frå Firenze. Han vert halden for å vere den fyrste viktige kunstnaren innan den italienske renessansen, og freskoane hans i Capella degli Scrovegni vert rekna som eit av dei største meisterverka frå den tidlege renessansen.
mini|venstre|«Judaskysset». Fresko i Capella degli Scrovegni
Giotto og/eller verkstaden hans vert vanlegvis òg rekna for å ha måla den vidgjetne freskosuiten i skipet i overkyrkja i Basilica di San Francesco d'Assisi, som i 28 tablå skildrar livet til Sankt Frans frå Assisi. Men kunsthistorikarane er usamde om dette er eit verk av Giotto, eventuelt i kva grad han tok del i arbeidet.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Renessansemålarar Kategori:Fødde i 1260-åra Kategori:Døde i 1337 Kategori:Italienske målarar