Kolonialisme er eit herredømeforhold mellom kollektiv, der dei sentrale avgjerdene over liva til dei koloniserte blir tekne av eit kulturelt ulikt og ikkje tilpassingsviljug mindretal av koloniherrar under hovudsakleg ivaretaking av deira interesser. I nyare tid kjem det òg legitimeringsdoktrinar til frå koloniherrane si side, koloniherrar som er overtydde om eigen kulturell verdi.
Kolonitida kallar ein i dag til vanleg epoken med moderne kolonialisme frå oppdaginga av Amerika i 1492 til etter andre verdskrigen, sjølv om det til alle tider har funnest kolonialisme, til dømes romersk, arabisk, osv. Kolonialistisk ideologi og praksis fekk ei tilspissing gjennom imperialismen.
Omgrepsavklaring
Ifølgje Afrika-historikaren Philip Curtin er kolonialisme herredøme til eit folk frå ein annan kultur.Philip D. Curtin: The Black Experience of Colonialism and Imperialism; I: Sidney W. Mintz: Slavery, Colonialism and Racism, W W Norton & Co Ltd, 1975 Men ikkje alt framandherredøme blir sett som illegitimt av dei innfødde. Såleis vart visst nok det osmanske herredømet over Egypt frå 1517 til 1798 stort sett god-teke av store delar av den arabiske befolkninga. Det framande språket vart sett som mindre viktig enn den felles trua og dei felles islamske reglane for godt styre. For dei koptiske kristne var det det same kva framand makt som herska over dei - for dei var dei opphavlege mamelukk-herskarane like illegitime som osmanarane. Derfor må ein ha begge elementa, både herredøme og kulturell framandheit, og jamvel fleire, for å klargjere eigenarten til den moderne kolonialismen.
Element
Det handlar ikkje om eit nedarva herre-knekt-tilhøve, men koloniherrane frårøva tvertom heile samfunnet ei sjølvstendig utvikling. Dette vart no framandstyrt i samsvar med dei primære økonomiske interessene til dei nye herskarane.
Eit anna karaktertrekk utgjer den verdshistorisk sjeldne uviljen hjå dei koloniale herskarane til å nærme seg det underkasta samfunnet. Dei venta av dei underkasta ei mest total tilpassing til dei sosial normene og skikkane frå Europa. På 1800-talet vart dette einsidige tilpassingskravet rettferdiggjort ved den påstått uovervinnelege rasemessige og kulturelle høgverdigheita til den kvite rasen. Såleis kom det ved den europeiske kolonialistiske ekspansjonen ikkje til ein kultursyntese, som ved den greske koloniseringa under hellenismen.
Dei tala òg om «The White Man's Burden», det vil seie å sivilisere dei tilbakeliggjande folkeslaga. Dette innebar attåt overtydinga om eiga overlegenheit, òg å tvinge desse andre til sivilisasjon ved aggressiv-ekspansjonistisk framferd. Koloniteoretikarane framstilte erobringane som ein misjon for å omvende heidningane, innanfor ramma av ein heilskapleg gudgjeven plan, eller som «sivilisering» av «barbarar». Også den seinare US-amerikanske og japanske kolonialismen gjorde bruk av ein slik retorikk.
Forskjellar i forhold til imperialismen
Med imperialisme meiner vi her alle aktivitetar som skal tene oppbygginga av transkontinentale imperium. Det høyrer òg med å sjå eigne nasjonale interesser i det internasjonale systemet i eit imperialistisk perspektiv. Dermed går imperialismen frå kolonipolitikk til verdspolitikk, der koloniar ikkje berre er mål i seg sjølve, men middel i ein global maktkamp.
Dessutan har imperialistiske makter som t d Det britiske imperiet på 1800-talet og i første halvdel av 1900-talet ein økonomisk og politisk innverknad langt ut over dei direkte koloniane. Dette synte seg dels som ein meir effektiv herskemetode, og når det gjeld dei økonomiske følgjene for periferi-staten spela den offisielle statusen inga rolle.
Då imperialisme inneheld evne til global interesse-ivaretaking og oppretting av store økonomiske interessesfærar, kan ein berre med atterhald tale om t d ein spansk imperialisme. I nyare tid har berre Storbritannia og USA vore fullt utvikla imperialistmakter, og då trass i at USA ikkje har hatt noko stort formelt koloni-imperium. Frankrike, Tyskland, Russland/Sovjetunionen og Japan var anten ikkje langvarig til stades globalt sett, eller økonomisk for veike til å trenge inn i fjerne marknader.
Drivkrefter og føresetnader for oppdagingsreisene
Ser ein først overflatisk på årstala for dei viktigaste oppdagingsferdene, så ser ein kolonial fase, frå og med den spanske føydale koloniseringa av Amerika frå 1520, ut til å ha byrja mest utan forløp. Bartolomeu Dias opna med omseglinga av Kapp det gode håp i 1488 vegen til Indiahavet, noko som gjorde det mogleg for Vasco da Gama å nå India med skip i 1498. Frå det indiske støttepunktet deira, Goa, klarte portugisarane å nå Malakka i 1509 og å erobre Malakka under Alfonso de Albuquerque i 1511. Columbus sin overfart over Atlanterhavet i 1492 førte til «oppdaginga» av Amerika.
Rett nok var det ei rekkje vitskapleg-tekniske framsteg og bestemte sosio-økonomiske omstende som gjorde at den verdshistorisk overmåte viktige europeiske ekspansjonen byrja nett på denne tida. Ei-årsaks-forklaringar ser ofte bort frå det store mangfaldet av føresetnader som ligg attom det spesifikke forløpet for den europeiske ekspansjonen.
Kor verdshistorisk viktig denne verdsomfemnande oversjøiske ekspansjonen var, skjøna folk alt då. Det amerikanske gullet og sølvet styrkte statsmaktene i Europa overfor dei konkurrerande adelege lokalmaktene, som i mellomalderen hadde hindra den seinare suvereniteten til statane/kongane. Sjølv den seinare industrielle revolusjonen i England kom i stor grad av dei økonomiske følgjene av ekspansjonen. Det var framfor alt dei vestindiske sukkerplantasjane-eigarane og slavehandlarane i Liverpool som kom med nødvendige midlar til oppbygginga av den engelske industrien. Slik skreiv Adam Smith i Wealth of Nations i 1776: «Oppdaginga av Amerika og farten til Austindia rundt Kap det gode håp er to av dei største og viktigaste hendingane historia til menneskeætta veit å fortelje om.»
Vitskaplege og tekniske føresetnader
Idéen om å oppdage verda oppstod alt i antikken. Og alt pythagorearane i Italia erkjende kuleforma på jorda, ein idé som spreidde seg raskt i den greske antikken. Alt då hadde altså det danna seg ei førestilling om at ein ved å fare vestover over Atlanterhavet kunne kome til Asia. Trass i ulike avstandsførestillingar hadde Eratosthenes i ca. 200 f.v.t. berekna det faktiske omfanget på jorda ganske nøyaktig. likevel var det i europeisk mellomalder framfor alt astronomi-læreboka til Ptolemeus som var mest kjend, og ho gav eit altfor lågt anslag. Colombus følte seg dermed oppmuntra til å kunne meistre den ikkje altfor lange vegen vestover til Asia. Vidare hadde mellomalderførestillingane om kor ugjestmilde områda i det fjerne nord og sør måtte vere, støtta på autoriteten til Aristoteles, ført til at ein heldt seg unna ekspedisjonar dit. Først oppdagingsferdene til dei portugisiske sjøfararane langs den afrikanske atlanterhavskysten på 1400-talet, førte til aukande tvil om dette framherskande meiningsbiletet. Særleg ekspedisjonane til Henrik Sjøfararen, som søkte etter direktevegar til dei afrikanske gull-lagra og slavane, for å omgå dei muslimske handelsmennene i Nord-Afrika, og den minkande autoriteten til Aristoteles i renessansen, gjorde endeleg ende på dei europeiske hemningane.
Kartografien som vart utvikla i antikken, var ikkje bra nok for lengre reiser. Først med karta til Gerhard Mercator frå 1569 vart problemet med projeksjon av kuleflata tilfredsstillande løyst på plane kart. Kartmaterialet før veik så mykje av frå røynda at bruken av dei var svært tvilsam. Vidareutviklinga av kartografien til å bli nyttig for større dimensjonar var viktig. Men i det 15. og førstninga av det 16. hundreåret var astronomisk kjennskap viktigare enn kartmateriale for å finne ut kor ein var. Som «himmelvegvisar» tente stjernekatalogar som alt astronomane i Alexandria hadde skissert. Å sjå med auga var likevel så unøyaktig at det var trong for å utvikle spesielle instrument for meir nøyaktig bestemming. I løpet av den tidlege mellomalderen var det eit tilbakefall i høve til stoda under antikken (kyrkjeleiarane kjempa til dømes hardt imot idéen om kuleforma på jorda), men hjå arabarane vart den greske arven teken vare på. Gjennom kontakt med arabarane, særleg i Spania, kom denne kunnskapen atter til Europa. Også persiske og indiske kunnskapar nådde Europa. «Toledotavlene» til den spansk-arabiske astronomen Al-Zarqali frå andre halvdelen av 1000-talet gjorde det mogleg å bestemme nøyaktig den daglege stillinga til himmel-lekamane, og dette saman med måling av sol-høgda og den kjende solnedstiginga den gjeldande dagen, gjorde det mogleg å rekne ut breiddegraden. Portugisiske sjøfararar frå 1400-talet nytta denne astronomiske nautikken, og Columbus var òg kjend med han.
Særleg instrumentforbetringa av astrolabium og kvadranten og oppfinninga av jakobsstaven til vinkelmåling vart tekne over frå arabarane og vidareutvikla av europeiske lærde. Også forbetra astronomiske almanakkar var vesentlege bidrag frå vestlege tenkjarar. Det same gjaldt kompasset, som var overteke frå Kina der det alt frå 1080 var i bruk, det vart ca. 1200 kjent og forbetra i Europa, og var her seinast i 1270 i bruk. Også avviket til den magnetiske nordpolen frå den faktiske var truleg kjent før oppdaginga av Amerika i 1492.
Den viktigaste tekniske utviklinga gjaldt likevel havgåande skip. Galeiane til middelhavsfolka var ueigna til lengre havferder, men vikingskipa var eigna for røff sjø, attåt å vere slanke og lette. Dei vart likevel først på 1200-talet erstatta av dei mektige og tunge koggene, som var utvikla i Austersjøen. Desse vart kjende i Nord-Italia via baskiske sjørøvarar, og vart av italienarane utvikla vidare til eit større «rundskip» på 1400-talet. Dette avløyste då galeiane. På 1400-talet oppstod òg eit mindre, relativt langt skip på 50 til 100 tonn på atlanterhavskysten, særleg kystane til Portugal og Spania. Desse var eigna for både sterke og svake vindar på grunn av ulik master-høgd. Og så vart rorpinnen overteken frå koggene, og denne letta arbeidet til styrmannen mykje samanlikna med tidlegare skip. Ut frå desse seinmellomalder. og tidlege nytidsutviklingane når det gjeld skipsbygging har det vore tala om at ein alt då hadde ein «teknisk kosmopolitisme» i Europa.
Sosioøkonomiske motiv
Til det 11. hundreåret herska bysantinarane og sarasenarane over Middelhavet. Genoa og Pisa sin kamp mot faren frå sarasenarane, som dreiv mykje sjørøveri, gjorde slutt på herredømet deira. Sidan utøvde italienarane sjølve sjørøveri, særleg langs kysten av Litleasia. Det vart ofte skipa kaperselskap for å finansiere slike føretak, og ofte kunne ikkje piratverksemd og handelsverksemd skiljast åt. Innbyggjarane i Andalusia kapra mauriske skip og gjorde strandhogg på den afrikanske kysten, der dei røva og der dei tok fangar som vart slavar. Det var ei innbringande forretningsverksemd. Gjennom tilbaketrenginga av arabisk-syriske handelsmenn innan ramma av krosstoga, kunne dei italienske bystatane no òg drive handel meir direkte med Levanten og Orienten. Auken i det europeiske folketalet fram til den demografiske krisa midt på 1300-talet (Svartedauden) var òg ein spore til denne fjernhandelen.