Quartu Sant'Elena (sardisk Cuartu Santa Alèni) er ein by i storbyområdet Cagliari på Sardinia i Italia. Han har om lag 68 000 innbyggjarar, og er den tredje største byen på øya.
Historie Namnet på byen kjem frå avstanden til Cagliari (Quartum miles, latin for «fire mil» og uttrykket Quarto ab urbe lapide Han ligg ved den fjerde romerske mila ved vegen mellom Cagliari og Palau. I 1327 vart landsbyene Quarto Domino (eller Donnico), Quarto Josso og Cepola slått saman til éin by med namnet Quarto. Den 14. september 1826 vart namnet på vernehelgenen til byen, heilage Helena av Konstantinopel, lagt til bynamnet gjennom eit kongeleg dekret, og dermed vart det Quarto Sant'Elena. I 1862 vart «Quarto» endra til «Quartu».
thumb|left|Romersk villa i Sant'Andrea.
Dei første spora etter folk i Quartu er frå steinalderen og frå nuragerkulturen, som tilhøyrde bronsealderen.
Fønikarane slo seg sannsynlegvis også ned i Quartu, sidan mange forskarar er samde om at stadnamna «Cepola» og «Geremeas» er av fønikisk opphav.
På 300-talet vart Sardinia delt i fire giudicati: Quartu, som hadde fjorten villaer, høyrte til Giudicato av Cagliari.
I 1066 vart Quartu gjeve til erkebiskopen i Cagliari og så vidare til dommar Torgotorio II av Cagliari. Under Aragon sitt styre vart Quartu råka av svolt, pest, malaria og stadige åtak frå sarasenske sjørøvarar og var ein del av dei generelle nedgangstidene for heile Sardinia.
I 1793 gjekk franske soldatar i land ved kysten av Quartu, for å erobre heile øya. Folket i byen, leia av Antonio Pisanu, gjekk til åtak på franskmennene og slo dei tilbake i eit blodig slag.
Føydalismen enda i 1836 under baron Pes di Villamarina. I 1956 fekk Quartu Sant’Elena bystatus av president Giovanni Gronchi.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Quartu Sant'Elena» frå , den 5. januar 2008.
Delar av denne artikkelen bygger på «Quartu Sant'Elena» frå , den 3. september 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar på Sardinia Kategori:Byar i Italia Kategori:Kommunar i storbyområdet Cagliari Kategori:Stadnamn av latinsk opphav i Italia