mini|Kolešinofossen sommaren 2007 Kolesjinofossen er ein foss ved landsbyen Kolešino i Novo Selo kommune sørvest i Nord-Makedonia.

Han høyrer til elva Baba og har eit totalt fall på 19 meter. Fossen ligg i ei høgd på 610 meter over havet i fjellet Belasitsa.

Kolešinofossen er ein stor turistattraksjon i kommunen. Staden er open året rundt og vert stadig utvikla for å ta imot turistane. I dag går det ei trebru over elva slik at ein betre skal få sjå fossen.

Bakgrunnsstoff Informasjon om Kolesjinofossen på den offisielle nettsida til kommunen Novo Selo Turistinformasjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Koleshino Waterfall» frå , den 1. februar 2008.

Kategori:Fossar i Nord-Makedonia