Bălțisteppa (rumensk Stepa Bălțiului) er ei vid trelaus slette nord i Moldova, Ho har namn etter byen Bălți.
Ho dekkjer eit område på 1 920 km², der 2,7 % (51,1 km²) av ho er dekt av skog. Sletta er dominert av gras og kratt med svart jordsmonn innimellom kalla svartjord. Det einaste skogområde ligg langs elvane Dnestr og Răut.
Steppa ligg mellom 150 og 200 meter over havet og har ustabile årstider med generelt særs varme somrar og kalde vintrar.
På 400-talet fvt. vitja Herodotos området mellom dei to elvane Dnster og Prut og skildra det som «ei slette med djup svartjord, rik på gras og godt vatna». Naturressursane frå Bălțisteppa har alltid trekt til seg nomadar, som ofte har drive bort dei innfødde.
Arkeologiske funn på Bălțisteppa
Arkeologiske utgravingar har gjeve spor etter tidlege busetjingar på Bălțisteppa så tidleg som frå steinalderen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bălți steppe» frå , den 4. februar 2008.
Bakgrunnsstoff Den pontiske sletta (World Wildlife Fund)
Kategori:Grassletter i Moldova Kategori:Den eurasiatiske steppa