SI-systemet (frå fransk Système International d'Unités) er det internasjonale systemet for måleiningar. Formålet med systemet er å danne ein standard einingar som kan nyttast til vitskaplege, tekniske såvel som kvardagslege målingar.
SI er bygd opp av sju fysisk definerte grunneiningar og to geometrisk definerte supplementseiningar. Desse har ein så kombinert til ulike avleia einingar.
Historikk SI-systemet vart oppretta i 1960 av Generalkonferansen for mål og vekt i Paris og er utforma av den internasjonale komiteen for mål og vekt (CGPM). Systemet er ei vidareføring av MKSA-systemet (metersystemet) som vart tilrådd i 1948 for bruk i alle land som hadde vedteke meterkonvensjonen. Det er dette systemet som med nokre endringar og tillegg har blitt til SI-måleeiningar. SI-systemet vart innført i Noreg ved kongeleg resolusjon av 19. juni 1977.
SI-systemet skriv seg frå ikring 1640. Franske vitskapsfolk utforma det, og spreidde seg med den franske revolusjonen i 1789. Systemet forsøkte å definere einingar på ikkje-vilrkårleg vis, og dette passa godt, sidan folkevett stod sentralt til ideen for revolusjonen.
I Noreg vart systemet vedteke ved lov 22. mai 1875, og kjend gyldig frå 1. juli 1882. I Danmark ved lov 4. mai 1907, kjend gyldig frå 1. april 1916, Sverige ved lov 22. november 1878 kjend gyldig frå 1. januar 1889, og Finland ved lov 16. juli 1886 kjend gyldig frå 1. januar 1892.
Einingar Dei sju fysisk definerte grunneiningane og to geometrisk definerte supplementseiningane er blitt kombinerte til ulike avleia einingar. Sjølv om SI-systemet har einingar som dekker så godt som alle mål, finst det ein del einingar som er særs utbreidt i daglegtale utan å inngå i sjølve systemet og som ein har blitt samde om å bruke som tilleggseiningar.
Grunneiningar mini|Sekund, her markert med ein raud visar på ei klokke, er ei grunnleggjande SI-eining.
EiningSymbolStorleikmeter m lengd kilogram kg masse sekund s tid ampere A elektrisk straum kelvin K temperatur candela cd lysstyrke mol mol stoffmengd
Supplementseiningar radian (rad) for vinkel steradian (sr) for romvinkel
Avleia einingar
EiningSymbolStorleiknewton N kraft hertz Hz frekvens joule J energi watt W effekt pascal Pa trykk lumen lm lysfluks lux lx lysmengd per areal coulomb C elektrisk ladning volt V elektrisk spenning ohm Ω elektrisk motstand farad F elektrisk kapasitans weber Wb magnetisk fluks tesla T magnetisk flukstettleik siemens S elektrisk leiingsevne henry H induktans grader Celsius °C Celsius-temperatur becquerel Bq radioaktivitet gray Gy absorbert strålingsdose sievert Sv ekvivalentdose katal kat katalytisk aktivitet
Tilleggseiningar grad (temperatur) liter (volum) tonn (masse) parsec (astronomisk lengdeeining)
Prefiks Namn Symbol Faktor Namn Symbol Faktor Namn Symbol Faktor Namn Symbol Faktor yotta Y 1024 giga G 109 desi d 10-1 piko p 10-12 zetta Z 1021 mega M 106 centi c 10-2 femto f 10-15 exa E 1018 kilo k 103 milli m 10-3 atto a 10-18 peta P 1015 hekto h 102 mikro µ 10-6 zepto z 10-21 tera T 1012 deka da 101 nano n 10-9 yocto y 10-24
Sjå au SI-prefiks
Bakgrunnsstoff bipm.fr, Bureau International des Poids et Mesures nist.gov, National Institute of Standards and Technology
Kategori:Målesystem Kategori:Internasjonale standardar