mini|Framsida til The Tower Treasure, den fyrste boka om Hardy-guttene. Hardyguttene er ein populær bokserie med oppdikta detektivhistorier skrivne for barn og ungdom. Bøkene handlar om opplevingane til tenåringsbrørne Frank og Joe Hardy, som løyser saker både i nærområdet til Bayport, og etterkvart andre stadar i USA og i utlandet. I dei fyrste bøkene er Joe 15 år og Frank 16 år, men i dei fleste bøkene er dei 17 og 18 år gamle sjølv om det er nemnt hendingar som kan daterast i bøkene. Sjølv om det er spor i bøkene som viser til hendingar gjennom fleire år, så er gutane likevel plassert som ungdomar i eit amerikansk forstadsmiljø gjennom heile serien.
Originalversjonane av bøkene vart utgjevne i tidsrommet 1927—1979. Dei er skrivne under pseudonymet Franklin W. Dixon. Franklin W. Dixon er et kollektivpsevdonym brukt av ei rad ulike forfattarar som skreiv hardygut-romanar for Stratemeyer-forlaget. Den mest kjende skuggeforfattaren var Leslie McFarlane (1902-1977) som mellom 1927 og 1946 skreiv 19 av dei første 25 romanane i serien.
Oversyn Familien Hardy bur i eit stort murhus med rhododendronhekk i hagen i Elm Street 23 i småbyen Bayport som ligg ved Barmetbukta litt utanfor New York med 50 000 innbyggjarar. Familien Hardy vert framstilt som velståande samanlikna med familiane til kameratane. Elm street 23 ligg på hjørnet mellom Elm Street og High Street. D.v.s i enden av gata. Truleg ligg Bayport i området New Jersey-Virginia. Hovudgata i Bayport er Strandvegen.Riksveg 10 fører nordover frå Bayport. Bayport ligg ved elva Willow River som renn ut i Barmetbukta. Merriamøya ligg ytterst i Barmetbukta. På den øya er det eit fyrtårn. Bayport er naboby til Gresham, Claymore og Southport. Southport er ein stor by ved Eagle Bay nokre mil frå Bayport. Telefonnummeret til familien Hardy er Bayport 6132. Bayport får drikkevatnet sitt i frå Tarnacbassenget og Tarnacelva, som ligg under Dauingfjell. (Hardy 27). Bayport Dagblad og Bayport Times er aviser i byen. Bayport Palassteater. Dvs. at det er ei teaterbygning i byen.
Det er sjeldan det er datoar i bøkene. Likevel er det enkelte spor for tidfesting. Handlinga går føre seg frå minst 1928 til 1968. I bok nummer åtte står det: «På toppen av siden sto det oktober 1917. Men det er jo elleve år siden ropte Frank». Altså er handlinga lagt til 1928. I bok 41 står det: «Hytta er over hundre år gammel. Vet dere hva som foregikk den gangen? La meg tenke meg om sa Joe. Det må ha vært i borgerkrigens tid». Altså har handlinga no kome fram til 1960-talet, men Joe og Frank Hardy er likevel ikkje meir enn 17 og 18 år gamle. I bok 43 står det om at amerikanarane sender raketter til månen. Handlinga må då vere lagt til tidlegast 1968, fordi USA hadde fyrste romferda dit med menneske ombord det året, men i bok 64 er det ein bil med kalesjetak. I bok 68 er det eit portrett av president Woodrow Wilson, som var president 1913-1921. Handlinga i den boka er lagt til etter 1958, fordi NASA er nemnt. I bok 70 er luftskipet Hindenburg nemnt. Hindenburgkatastrofen var i 1937, så dermed er handlinga i denne boka lagt til etter det. Bok 77 er delvis om statuene på Påskeøya og Thor Heyerdahl er nemnt fleire gongar. Dvs. at handlinga er lagt til etter 1957, fordi då kom boka hans om den ekspedisjonen ut. I dei siste bøkene har familien Hardy fått installert alarmsystem med elektroniske fotoceller. I bok 96 Hardyguttene og det mystiske kapprittet er det om eit sykkelløp- Bike Aid. Den boka kom i 1987, som er nokre år etter det musikalske Live Aid. Det kan tolkast som om hardybøkene kommenterer hendingar i samtida. I den boka er det også TV-apparat, videokassettar og monitorar. Lenge såg det ut som alle bøkene gjekk føre seg før 1970, men no på slutten, så har bøkene fått historier frå vår tid. Dei siste bøkene er også råare. I Giftige hemmeligheter er det skrive om eit drap i notida og forureining. Bok 99 i fangehullet. er om rollespel, som er ein moderne hobby.
Religion spelar liten rolle i forteljingane, men i bok 74 er historien om Noahs ark omtalt. I bok 75 er ein av skurkane ei ung dame. Elles er det sjeldan at det er kvinnelege skurkar. Bøkene speglar det multikulturelle amerikanske samfunnet ved at både hardyane og dei fleste av kameratane vert knytt til innvandrarbakgrunn, men som ein kuriositet, så er det ein idrettsmann i bok 88, som kan få Rhodes-stipendiet. Rhodes-stipendiet er oppkalla etter Cecil Rhodes. Målet for stipendiet var at Storbritannia skulle få tilbake USA. Ein er truleg jøde eller polakk, ein er afroamerikanar, ein er italienar, medan familien Hardy stammar frå Irland. Fenton er eit irsk fornamn. Dei vert alltid fanga av skurkane, men til slutt er det hardygutane som fangar skurkane, og kan overlate dei til politiet, og idyllen er gjenoppretta.
Dei fleste bøkene har handlinga lagt til fastlandet i USA, og då spesielt Bayport med omland, men det er handling frå mange av dei andre delstatane og utlandet også. Bok nummer 13 - Hardyguttene i Mexico - er fyrste gongen dei reiser til utlandet. Etterkvart som serien går framover, så vert det oftare reiser til utlandet. I Hardyguttene og rømlingen som forsvant og i Hardyguttene og det mystiske indianervåpen er dei tilbake i Mexico. Hardyguttene og skjelettgåten fører dei til Cuba og Puerto Rico, til Alaska og Canada i Hardyguttene og måneraketten. Til Canada igjen i Hardyguttene og runesteinmysteriet og i Hardyguttene i Demonens Hule. Hardyguttene og den mystiske karavane har handling frå Marokko. I Hardyguttene og spionen på flyrute 101 er dei for fyrste gong på reise til Europa, fordi skurken har eit slott i Skottland. I bok 47 Hardyguttene og mysteriet med blindpassasjeren er dei i Fransk Guiana. Bok 50 har handling frå Island. Bok 56 har ein god del av handlinga frå Brasil. Bok 58 om ein gamal hjelm fører dei til Hellas. Bok 60 har handling frå Hong Kong. I bok 64 er heile handlinga lagt til utlandet. Ho startar rett før landing (i London) i England, men har også scener frå Irland og Isle of Man. I bok 66 er dei i Sveits og Mexico. I bok 68 til Australia. I bok 75 på Kypros og i Egypt. Bok 77 fører dei til Chile, Påskeøya og Antarktis. Bok 80 har handling frå Vest-Tyskland. Bok 102 har handling frå Frankrike. Dei er også på oppdikta stadar.
Det finst til saman 110 forskjellige bøker som handlar om Hardy-gutane og venene deira. På 2000-talet har det kome ut ein serie nye bøker med handling frå notida der dei har meir moderne hjelpemiddel.
Den første boka på norsk kom i 1950, med tittelen Hardyguttene og skatten i tårnet (The Tower Treasure).
Bøkene er truleg inspirasjonskjelde for nyare barne- og ungdomsbøker som bøkene om Pelle og Proffen av Ingvar Ambjørnsen.
Personar i bokserien Frank Hardy har mørkt hår og brune auge. Er kraftig. Han er 16 år i dei fyrste bøkene, men 18 år i dei fleste av bøkene. I bok 36 er Frank 18 år. Spelar gitar. Begge brørne har flysertifikat for småfly. I tillegg til bil disponerer dei speedbåten Sporhund. Frank framstår som leiar for kameratgjengen. Allergisk mot kattar. (Bok 60). Begge brørne og vennane deira spelar amerikansk fotball. Frank framstår etterkvart som sjefen av dei to brødrene. 1.85 høg.
Joe Hardy har lyst hår og blå auge og er høg. Han er eitt år yngre og meir impulsiv enn broren. Spelar gitar. 1.83 høg. Fysisk sterk. Har pollenallergi.
Chet Morton er ein venleg og hjarteleg gut, og den beste venen til Hardygutane. Han er tjukk og har fregner. Liten og lubben i fylgje bok 91. I bøkene har han gjerne forskjellige hobbyar som flettar seg inn i sakene Hardygutane arbeider med. Chet bur på ein bondegard i utkanten av Bayport. Faren hans er eigedomsmeklar. (Hardy 47). Chet er glad i mat, og ikkje minst i tante Gertrud sine kaker og paiar. I bok nummer 14 vert det opplyst at han er like gamal som Joe Hardy. På framsida av bok nummer 33 Hardyguttene og operasjon den gule fjær og bok 47 Hardyguttene og mysteriet med blindpassasjeren får vi sjå korleis han ser ut. Av og til forsnakkar han seg og røper løyndomar til skurkane. Fødd rundt 1.juli. Er ikkje med i bok 77- "Den stjålne stenguden" og i bok 102. Har ei tante Emma Morton, som eig eit hus i Maine.
Fenton Hardy er far til Frank og Joe. Han har lenge jobba saman med politiet i New York. Etterkvart har Fenton trekt seg attende til byen han vaks opp i. Den travle kystbyen Bayport. (I bok 33 er det eit mysterium på skulen, men årboka frå Fenton Hardy sitt avgangsår er fjerna). Han er i 50-årsalderen. Han er ofte bortreist, men kjem ofte og hjelper sønene i siste kapitelet. Likevel er det samanheng mellom hans saker og hardygutane sine saker. Er høg. Av og til engasjert av regjeringa til å løyse saker. Opptrer ofte i forkledning. Dreiv med friidrett på gymnaset, (stavhopp).
Laura Hardy, også kalla Mildred, er mor til Hardy-gutane. Likevel har ho ei meir anonym rolle enn tante Gertrude. Er skildra som lita med lyst krølla hår i dei tidlege bøkene. I seinare bøker er ho skildra som høg, slank og pen!. Blå auge.
Tante Gertrude Hardy er systera til Fenton Hardy, og Frank og Joe Hardy si tante. Ho meiner at gutane heller skal konsentrere seg om skulen i staden for å fange forbrytarar, men eigentleg er ho særs stolt av dei kvar gong dei oppklarer ei ny og spennande sak. Ho dukkar fyrst opp i bok nummer fire. Ivrig strikkar og kakebakar. Det vert opplyst, at ho er av ubestemmeleg alder, men sidan Fenton Hardy er ca 50 år, så er vel ho omtrent i same alder. I nokre bøker er ho på vitjing med andre slektningar, men ho bur stort sett saman med denne familien. Gertrude er høg, tynn og kantete. Har briller med stålkant. Myndig person. Gertrude er formann i Bayport historielag. Fødselsdag 25.august. Har rykte som den beste kokka i Bayport.
Ruth Hardy. Slektning av Hardyfamilien som bur i New Mexico. Det står ikkje noko i bok 28, der ho er med, om det er ho som har flytta dit eller om hardyfamilien ættar frå New Mexico. Side 15 i boka "Hardyguttene og den forgiftede pil" kallar Gertrude henne for kusine. Side 19 kallar Joe henne for tante Ruth. Viss Ruth er tanta til gutane, så må ho vere systera eller svigerinna til Fenton og Gertrude, så her er det noko feil.
Biff Hooper er ein god ven av Hardygutane. I dei tidlege bøkene kan det tyde på, at han er afroamerikanar. I ei av bøkene er handlinga lagt til New Orleans der bestefaren hans spelar i eit jazzorkester. I bok 52 og bok 54, så står det, at han er kraftig, høg og blond. Biff er god i sport. Eig hunden Sherlock, som er med i bok 54 og bok 60. I bok 67 har han hunden Tivoli, som han vann i ein konkurranse. Spelar bassgitar.
Iola Morton er syster til Chet Morton og venninna til Joe Hardy. Langt mørkt krølla hår og tynn. 16 år gammal.
Callie Shaw er Frank Hardys spesielle venninne. Blondt hår, brune auge og høg. Det er sjeldan det er andre ungjenter enn desse to med i bøkene. Er teikna på framsida av Hardyguttene og det onde varsel saman med Frank Hardy og Phil Cohen og på Hardyguttene og den store ufosvindelen saman med hardygutane og Fred Hawkins.
Tony Prito er ein ven av Hardygutane og plar hjelpe til med oppdrag og informasjon. Slekta hans er innvandrarar frå Italia. Eigar av båten Napoli. Av og til kan han ikkje vere med å hjelpe Hardygutane, fordi han må hjelpe faren, som har eit snikkarfirma. Han er som Frank Hardy 18 år gammal. Har mørke auge og mørkt hår. Spelar trommer.
Phil Cohen. Han er frå Polen eller jøde. I bok 45 bruker gutane dekknamn, og då vert han kalla for Phil Rubinow. Stillferdig og skuleflink. Glad i å lese. Flink i sport. Kvikk i oppfattinga. Spelar hammondorgel. Mørk og slank. Er teikna på framsida av Hardyguttene og det onde varsel saman med Frank Hardy og Callie Shaw.
Ezra Collig er politimeister i Bayport og kjenner til Hardygutane og deira oppdrag og saker. Dei samarbeider ofte i dei sakene som er i Bayport. Kraftig med værbitt andlet.
Con Riley er ein litt einfoldig konstabel i Bayport, som fleire gonger vert offer for ulike spøkar.