Liguster (Ligustrum vulgare) er ein busk i oliventrefamilien. Han vert opp mot 2 meter høg. Busken toler godt beiting og nedskjering. Det har ført til at han har vorte brukt til hageplante. Ein finn gamle hagar med ligusterhekkar.

I Noreg er arten heimleg ytst i Oslofjorden, men finst òg forvilla som framandart noko nordover på Austlandet og vestover langs kysten til Kristiansand og spreidd vidare til Sogn. Elles er det nokre veksestader i Sverige. I Danmark er han ikkje funnen. Han er vanleg i Vest- og Mellom-Europa, og i det nordlege middelhavsområdet.

I Noreg er han ein strandplante som lagar tett kratt i vill tilstand. Får han bløme fritt får han gulkvite små blomar som sit i store klasar. Blomane kan minne om syrin, som er i same familie. Frukta er svarte glinsande bær som er giftige, tilliks med resten av planta.

Dei svarte bæra har vore brukte til å lage blekk av.

Sortar 'Atros' - Dafo® (var. italicum), vintergrøn. 'Atrovirens' - (syn. Ligustrum vulgare virens) vintergrønn. (var. italicum) 'Atrovirens Compact' 'Atrovirens Select' - forbetra 'Atrovirens'. 'Auriflorum' (syn. Ligustrum vulgare lutescens) 'Buxifolium' – lågtveksande, ovale blad som ikkje blir meir enn 2,5 cm lange. 'Cheyenne' – Nord-Amerikansk, kuldetolerant sort. Vintergrøn. 'Chlorocarpum' - grønne bær. 'Compacta' 'Dänemark' 'Evers' – vintergrøn, noko lengre enn 'Atrovirens'. 'Glaucum' 'Golden Drops' 'Gracila' 'Insulense' – lange, smale blad 5-11 cm lange og 1-2.5 cm breie. 'Leucocarpum' – grønkvite bær. 'Liga' - Dafo® (var. italicum) vintergrøn. 'Listrum' - Dafo®, ein vindtolande, lauvfellande sort. 'Lodense' – (syn. Ligustrum vulgare nanum)(syn. Ligustrum vulgare lutescens) tett, dvergveksande. Sortnamnet er danna av engelsk low og dense = låg og tett. 'Maslö' - 'Pendulum' 'Pyramidale' – opprett med greiner parallelle med stammen (fastigate) 'Xanthocarpum' – gule bær.

Kjelder

C. A .M. Lindman: Nordens Flora. Oslo 1977 Knut Fægri: Norges Planter Oslo 1970 Knut Langeland: Hagens vakreste busker og trær - løvfellende, Oslo 1994. ISBN 82-516-1511-9

Bakgrunnsstoff

Kategori:Giftige plantar Kategori:Ligusterslekta