mini|Hareid thumb|Hareid tettstad sett frå lufta thumb|Fra Hareid går det ferje til Sulesund.

Hareid er ein kommune på øya Hareidlandet på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Vest på øya ligg Ulstein kommune. Elles er kommunen omgjeven av øykommunane Giske og Sula i nord og aust, og over Vartdalsfjorden av Ørsta. Administrasjonssenteret i kommunen er Hareid. Dei andre krinsane i kommunen er: Bigset Brandal Hjørungavåg

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Hareid kommune frå 1917: 1.1.1917Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Hareid 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 2310a 2344a 2572a 3018a 3181a 3607 3935 4357 4502 4763 4859 a Dette talet omfattar eit område som var del av Hareid kommune fram til 1958, då det overført til gammle Borgund kommune. Dette området hadde då 68 innbyggjarar.

Verdt å sjå Ishavsmuseet i Brandal Nasjonalmonumentet ved Overåsanden Ved Grimstadvatnet er det observert over 250 fugleartar, og nær 100 artar hekkar der

Kjende folk frå Hareid kommune Rasofiel Rise (1844-1929), lærar, komponist og songleiar Hans Peter Lie (1862-1945), lækjar og lepraforskar Peter S. Brandal (1870–1933), selfangstpioner og forretningsmann Einar Hareide (1899–1983), fiskebåtreiar, organisasjonleiar og formann i Kristeleg Folkeparti Ivar Grimstad (1922–2006), journalist, lærar, forfattar og kåsør Johan H. Grimstad (1924–2006), komponist, lærar, kordirigent, solist og gardbrukar Solbjørg Pilskog (1930–2016), sjukepleiar og misjonær Ingolf Håkon Teigene (1949–2007), journalist og forfattar Åge Hareide, (1953–), fotballspelar og -trenar Gunn Berit Gjerde (1954–), politikar (Venstre) Oskar Grimstad (1954–), politikar (Framstegspartiet) Edvard Moser (1962–), nobelprisvinnar i medisin Øystein Orten (1962–), forfattar

Kjelder

Bakgrunnsstoff Hareid kommune

Kategori:Sunnmøre Kategori:Kommunar i Møre og Romsdal