Jarle Falk Reiss (), betre kjend som DJ Falk, er ein norsk discjockey, songar, og låtskrivar. Han er mest kjend for sine sceneshow med laserar og sine remixar, mest kjend er kanskje ein remix han har gjort av «Children» av Robert Miles.
DJ Falk er fødd i Lørenskog kommune og seinare busett på Stokmarknes i Hadsel. Han har vore profesjonell internasjonal DJ sidan 1987, og spela frå Warszawa i sør til Longyearbyen i nord. DJ Falk har spela alle slags stader, frå små klubbar til store hallar/arenaer, og hans største publikum til no, var på over 6000 menneske.
I september 1996 vart hans Trance/Dance konsept The Arctic Dance Experience starta opp, under ein spelejobb på Huset i Longyearbyen på Svalbard. Hans musikkstil er som han sjølv seier, ei følgje av Svalbardnaturen og det inntrykket Operafjellulykka, som hende nokre veker før han kom til Longyearbyen, fekk på han.
I 2007 og 2008 hadde han lasershow i Vesterålshallen, under Lofoten og Vesterålens største dataparty, LoVe-Lan.
Diskografi 1996: "Unknown", singel 1997: Self Control Dj_Falk Mix, singel 1999: Millennium children, singel 1999: Hymn to Elin , singel 2007: Northern Lights, singel 2008: Heile Nettet, singel 2008: Heile Nettet (Rock solid mix), singel 2008: Skywalking, singel 2008: Atmosphere , singel 2008: Counterstrike, singel 2008: Dj-Falk Live from Vesterålshallen, singel 2008: Fetish, singel 2008: Latino Summer chill, singel 2008: Hall of the mountainking, singel 2008: The Arctic Dance Experience , Album 2012: Urban Landscapes, Album
Bakgrunnsstoff Offisiell webside Fan web side Offisiell Facebookside
Kategori:Fødde i 1967 Kategori:Norske songarar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Norske musikarar Kategori:Folk frå Lørenskog