Kjerkfjorden er ein fjord i Moskenes kommune i Lofoten. Han strekkjer seg 6 km nordover frå Reine.
Fjorden har innløp mellom Olstindneset i nord og Andøya som Reine ligg på i sør. Rett innanfor innløpet går fjordarmane Forsfjorden og Bunesfjorden vest- og nordvestover. Vidare nordover ligg grenda Rostad på austsida. Inst i fjorden ligg grenda Kjerkfjord, som vart vitja av TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Ingen av grendene i fjorden har vegsamband. Fjorden er omgjeve av høge fjell, som Olstinden (675 moh), Rostadtindan (767 moh), Seiltinden (731 moh) i vest, Krokhammertindan (713 moh) like nord for botn, Moltbærtinden (700 moh), Helvetestinden (600 moh) og Kammen (514 moh) i aust.
Kjelder Hallgeir Opedal i Dagbladet om TV-programmet om Kjerkfjorden Programmet i Der ingen skulle tru at nokon kunne bu om Kjerkfjorden.
Kategori:Fjordar i Moskenes