Glåmdalen er ei dagsavis som kjem ut seks dagar i veka i Kongsvinger. Avisa har eit stadfesta nettoopplag på 20 893 (2002). Hovudredaksjonen ligg i Kongsvinger, med distriktskontor i Solør, Skarnes og Nes.
Glåmdalen dekkjer dei sju Glåmdalskommunane Kongsvinger, Eidskog, Grue, Åsnes, Våler, Nord-Odal og Sør-Odal. Alle desse kommunane ligg i Innlandet fylke. I tillegg kjem Nes kommune i Akershus fylke. Avisa inneheld eige ungdomsbilag, Peppar, kvar tysdag. Etter å ha hatt vanleg gratis nettavis i nokre år, byrja Glåmdalen i 2004 å òg tilby abonnement på PDF-utgåve av den trykte avisa. Sidan har PDF-avisa òg vorte mogleg å kjøpe einskildvis.
Hovudredaksjonen ligg i Kongsvinger, med distriktskontor i Solør, Skarnes og Nes. Glåmdalen er òg deleigar i lokalradiostasjonen Radio Kongsvinger.
Redaktør Sjefredaktør i avisa er Erling Brøndmo (2010). Tidlegare redaktørar har vore: Johannes Stubberud 1926-1932 Aksel Zachariassen 1932-1941, 1945-1946 Rolf Jacobsen 1941-1945 Rolf Nordberg (2004)
Opplagstal 2006: 20 033 «Avisenes leser- og opplagstall for 2006» frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 12. februar 2007 2007: 19 848 «Avisenes leser- og opplagstall for 2007» frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 14. februar 2008 2008: 19 370 «Avisenes leser- og opplagstall for 2008» frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 14. februar 2009 2009: 19 070 «Avisenes leser- og opplagstall for 2009» frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 16. februar 2010
Bakgrunnsstoff Glåmdalen på nett Litteratur Egil Sørli: «Fra småbyavis til distrikts-organ: Glåmdalen 1926-76», 1976. Guri Hjeltnes: «Avisoppgjøret etter 1945», 1990. Sigurd Høst: «Aviskonkurransen - nye og gamle teorier belyst gjennom A-pressens utvikling», 1996. Aksel Zachariassen: «Spennende år: fra krig til krig med ord og penn », 1978.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Glåmdalen (avis)» frå , den 11. desember 2010.
Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Aviser i Innlandet Kategori:Kongsvinger kommune Kategori:Aviser skipa i 1926 Kategori:A-pressen