6. april er den 96. dagen i den gregorianske kalenderen (97. under skotår). Det er 269 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar

Religiøs helgedag

Namnedag

Helgendag i den katolske kyrkja: Prudentius av Troyes

Hendingar

Utlandet 1782: Kong Taksin av Siam (no Thailand) blei avsett ved eit kupp, og Rama I blei konge som grunnleggjaren av Chakri-dynastiet. 1814: Napoleon Bonaparte abdiserte. Han blei seinare send i eksil på Elba. 1896: Dei fyrste moderne olympiske leikane tek til i Athen. 1917: Fyrste verdskrigen. USA erklærte krig mot Tyskland. 1919: Den indiske sjølvstenderørsla: Mahatma Gandhi kallar indarane til generalstreik i protest mot den undertrykkande loven Rowlatt Act. Uroa skulle føra til Amritsar-massakren. 1930: Mahatma Gandhi avsluttar den 300 km lange saltmarsjen i landsbyen Dandi ved Arabiahavet. 1941: Tyske styrkar invaderte Jugoslavia og Hellas.

Noreg 1896: Skuta Nils Liaaen går frå Ålesund for å drive selfangst, som den aller fyrste frå Sunnmøre. 1898: Levande film vert, for aller fyrste gong i Noreg, vist på Tivoli i Kristiania.

Fødde

1483: (eller 28. mars) Rafael, italiensk målar og arkitekt under renessansen 1818: Aasmund Olavsson Vinje, norsk diktar og bladmann (journalist) 1857: Per Sivle, norsk diktar og bladmann 1884: Lars Christensen, norsk skipsreiar og forretningsmann 1926: Ian Paisley, nordirsk politikar 1971: Marit Eikemo, norsk forfattar

Døde

1520: Rafael, italiensk målar og arkitekt under renessansen 1528: Albrecht Dürer, tysk kunstmålar og grafikar 1829: Niels Henrik Abel, norsk matematikar 1906: Alexander Kielland, norsk forfattar 1971: Igor Stravinskij, russisk-amerikansk komponist 1992: Isaac Asimov, amerikansk forfattar