Vester-Lafjorden (nordsamisk Lávvárvuotna) er ein fjordarm av Lafjorden i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km sørvestover til Námmegieddi i botn av fjorden.Vester-Lafjorden på Norgeskart.no frå Statens kartverk

Fjorden går langs heile vestsida av Lafjordneset. Aust for Lafjordneset går Auster-Lafjorden parallelt. Vester-Lafjorden deler seg igjen i to mindre delar, Rivdnjevuotna i vest og Námmi i aust. Det er spreidde busetnader ved fjorden, men ingen vegsamband. Fjorden er 87 meter på det djupaste, midt i fjorden eit stykke ut.

Kjelder

Kategori:Fjordar i Nordkapp