mini|Strukturformel for sitronsyre

Sitronsyre (C6H8O7) er ei organisk syre med tre karboksylgrupper. Syra finst i frukt, til dømes sitron. Salt av sitronsyre heiter sitrat.

Historie mini|Sitronsyre finst mellom anna i safta frå sitronar. Syra vart oppdaga av Carl Wilhelm Scheele i sitronsaft i 1784.

Førekomst Sitronsyre er mellom dei vanlegaste syrene i plantar. Til dømes inneheld sitronsaft 5-7 % sitronsyre.

Bruk Syra er ein antioksidant med nummer E-330. Sitronsyre vert seld som små posar med pulver i butikkar og vert brukt som konserveringsmiddel.

Sjå òg sitronsyresyklusen

Bakgrunnsstoff

Kategori:Surleiksregulerande middel Kategori:Trikarboksylsyrer Kategori:Hydroksysyrer Kategori:Chelaterande stoff Kategori:Intermediatar Kategori:Hushaldskjemikal Kategori:Bulkkjemikal