Sørøya (nordsamisk Sállan), ofte kalla den grøne øya i nord, er ei stor øy nord i Finnmark fylke, og ho ligg vest for byen Hammerfest.Askheim, Svein. (2. september 2019). Sørøya - Finnmark. I Store norske leksikon. Henta 21. januar 2020 Ho er den fjerde største øya i Noreg etter areal og er delt mellom kommunane Hasvik og Hammerfest. Arealet er på 811,4 km².
Tettbygde stader:
Hasvik, der det er flyplass med to daglege avgangar om dagen på kvardagar, og der ferja til Øksfjord og hurtigbåten til Hammerfest legg til. I Hasvik finn ein eit hotell, ein kiosk, og ein matvarebutikk. Hasvik er største tettstaden på øya, med . Breivikbotn, som er administrasjonssenter i Hasvik kommune. Breivikbotn har bibliotek, fiskeindustri, pub og hytteutleige, samt butikk og den einaste banken på øya. Tettstaden Breivikbotn har og ligg om lag 1,5 mil frå Hasvik. Sørvær har i underkant av 200 innbyggjarar og ligg ytst ut i havgapet. Staden er bygd på fleire holmar og skjer. Sørvær ligg om lag 2 mil frå Breivikbotn. Det går rutebuss til Sørvær nokre gonger i veka.
Kvart år i juli vert det arrangert ein havfiskefestival på øya.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sørøya (Finnmark)» frå , den 5. april 2008.
Bakgrunnsstoff Askheim, Svein. (2013). Sørøya. I Store norske leksikon.
Kategori:Øyar i Finnmark Kategori:Øyar i Hammerfest Kategori:Geografi i Hasvik