Vestvågøya er ei øy i Lofoten i Nordland. Øya har eit areal på 413 km², og utgjer det meste av kommunen med same namn. Øya hadde om lag 10 350 innbyggjarar i 2006.
Den midtre delen av øya er relativt flat og myrlendt, medan dei ytre delane i nord og sør er fjellendte. Det høgaste punktet på øya er Himmeltindan på 964 moh. Dei flate delane av øya er i stor grad jordbruksland.
Nappstraumen skil Vestvågøy frå Flakstadøya i vest, medan Sundklakkstraumen skil Vestvågøy frå Gimsøya i aust. Nappstraumtunnelen og Sundklakkstraumen bru går mellom Vestvågøy og naboøyane. Europaveg 10 kryssar øya på veg frå aust til vest i Lofoten.
Vestvågøy har fleire tettstader og fiskevær, med Leknes som kommunesenter og største tettstad. Andre fiskevær og tettstader på øya er Stamsund, Ballstad og Gravdal. På Gravdal ligg Nordlandssjukehuset Lofoten, tidlegare Lofoten sjukehus.
Vestvågøy hadde i tidlegare tider namnet Lofotr, som har gjeve namn til heile Lofoten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Øya Vestvågøy» frå , den 6. april 2008.
Kategori:Øyar i Nordland Kategori:Geografi i Vestvågøy