Sandøyna er den største øya i Gulen kommune i Vestland. Ho ligg nord for Fensfjorden og har eit areal på 32 km². Øya har 230 innbyggjarar. Øya er skilt frå fastlandet ved Brandangersundet.
I 2010 opna brua over Brandagersundet og øya sitt ferjeleie Skipavik, i ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik, vart lagt ned.
Næringsliv Forsøk med torskeoppdrett frå midten på 1980-talet. Stolt Seafarm hadde eit anlegg på klekking og oppdrett av torskeyngel ved Ånnelandsundet. I 2000 tok Vestvik Marinefarm AS over torskeoppdretteriet. I dag vert det drive torskeoppdrett, tidlegare var det østersoppdrett, i Tunsbergpollen.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Eivindvik prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Gulen herred, frå Digitalarkivet 213 348
Kjelder
Kategori:Øyar i Gulen