Tromsøbrua er ei bru som kryssar Tromsøysundet mellom Tromsdalen på fastlandet og Tromsø på Tromsøya. Brua var den første fritt frambygg-brua som vart bygd i Noreg.
Brua er av plasstøypt dekke i betong, med slanke pilarar i betong. «Fritt-fram-delen» vart støypt med tre meters seksjonar om gongen, på kvar side, til endane møttest. Brua har 58 spenn. Bygginga skjedde mellom 1958 og 1960 og ho er no ein del av riksveg 862.
Det er gjort framlegg om å verna Tromsøbrua i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner,Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner (sjå eige avsnitt om Tromsøbrua) og var i 2007 mellom 41 bruer og bygningar i verneplanen som vart innstilte til vern av Riksantikvaren.Riksantikvaren: Varsel om fredning av byggverk (broer) i Statens vegvesens eie (3. september 2007)
Sjå òg Bruer i Noreg etter lengd Sandnessundbrua
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tromsøbrua» frå , den 9. april 2008.
Bakgrunnsstoff Arkitektguide om Tromsøbrua
Kategori:Bruer i Troms Kategori:Samferdsle i Tromsø Kategori:Betongtavlen Kategori:Bruer opna i 1960 Kategori:1960 i Noreg Kategori:Betongbruer Kategori:Kulturminne i Tromsø Kategori:Freda bygg i Troms