Document Type Definition (DTD) er ein deklarasjon i eit SGML- eller XML-dokument som definerer strukturen til eit dokument. Det kan bli inkludert i dokumentfila, eller bli lagra i ei ekstern fil. Syntaksen for SGML- og XML-type DTD-er tilnærma like.
Ein DTD skildrar tillatne element og attributt i eit dokument og eventuelt tillatne attributtverdiar for kvart element samt kor mange av kvart element som er lovleg .
Døme Ein enkel DTD som skildrar ei liste av personar:
<!ELEMENT personliste (person*)> <!ELEMENT person (namn, foedselsdato?, kjoenn?, foedselsnummer?)> <!ELEMENT namn (#PCDATA) > <!ELEMENT foedselsdato (#PCDATA) > <!ELEMENT kjoenn (#PCDATA) > <!ELEMENT foedselsnummer (#PCDATA) >
Linje for linje blir det: Eit «personliste »-element inneheld eit vilkårleg tal «person»-element.. «*» seier at det kan vere 0, 1 eller mange "person«-element i »personliste "-elementet. Eit «person»-element held på elementa «namn», «foedselsdato», «kjoenn» og «foedselsnummer». «?» viser at eit elementet er friviljug. «namn»-elementet har ikkje «?». Det tyder at eit «person»-elementet må innehalde Eit «namn»-element. Eit «namn»-element held på data. Eit «foedselsdato»-element held på data. Eit «kjoenn»-element held på data. Eit «foedselsnummer»-element held på data.
Her er eit døme på ei XML-fil som oppfyller denne DTD-en:
<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?> <!DOCTYPE personliste SYSTEM "eksempel.dtd"> Ola Nordmann 27.11.1960 Mann
DTD-en ovanfor krev at alle person-element har eitt namn-element. personliste-elementet er også obligatorisk, medan resten er friviljug.
Alternativ DTD-støtte har svært utbreidd støtte ettersom den er ein del av XML 1.0-standarden. Men den har avgrensa bruksområde.
Det finst to nyare XML skjema-språk som er tilrådd av W3C.
XML-skjema, òg kalla XML Schema Definition (XSD) RELAX NG, som òg er ein del av DSDL. Dette er ein ISO-standard.
Bakgrunnsstoff Ulike doctyper for HTML XMLPatterns.com - Designmønster for DTD-er <oXygen/> XML Editor
Kategori:XML