mini|Tjønna ved Monsegaard Geitanger (gammalt lokalt namn Geitung) er ei øy i Øygarden kommune vest for Bergen. Øya er utan bilar og forholda er gode for fiske og dykking. Talet på innbyggjarar var i 2006 under ti.
Øya ligg inst i Hjeltefjorden og innbyggjarane her har i tidlegare tider livnært seg på fiske og enkelt landbruk. Fiske- og landbruksvarene vart hovudsakleg seld på Fisketorget i Bergen. Varene vart frakta med Oselvar frå øya til hamna i Bergen.
Dei seinare åra har det vore villsau på Geitanger som medverkar til å ivareta delar av kulturlandskapet på øya. Øya bestod tidlegare av store lyngheier, men har i dag fått tilvekst av gran og furu som i hovudsak er planta i kommunal regi. Lyngheiene på Geitanger har vist seg å vere gunstig for honningproduksjon. Rundt på øya finst ei rekkje steingardar som framleis er godt synleg i terrenget.
Transport til Geitanger er sjøvegen frå staden Knappskog på Sotra til vestsida av øya der det finst ein djupvasskai og hamna Keilo. Sør på Geitanger er det etablert ei gjestehamn med servering om sommaren.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Fjell herred, frå Digitalarkivet 1950Halvor Skurtveit et al. (red.), Fjell bygdebok, bd. IV (Fjell kommune, 2008) 21 36 35
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Google Maps
Kategori:Øyar i Øygarden