Husevågøy er ei øy i Kinn kommune i Vestland. Øya ligg ytst i Nordfjord, mellom Bremangerlandet og øya Vågsøy og har eit areal på 9,3 km². Husevågøy og dei mindre naboøyane Grindøya, Gangsøya og Risøya har til saman 33 innbyggjarar (2024). Den største busetnaden på staden er Husevåg. Det er ferjesamband med Måløy og Oldeide. Namnet kjem av gardsnamnet Husevåg. Det viser til bustadhus i vågen, og at andre vågar i nærleiken mangla dette.

Frå gamalt av var det ein enkel bygdeveg gjennom sjølve grenda Husevåg. I 1975 vart det bygd veg Ramsevik-Tytingvåg-Krabbestig. I 1989 vart det bygd veg over fjellet frå Husevåg til Ramsevik. Tanken var å halde fram med vegen heilt fram til ferjekaia ved Våganeset, men denne siste stubben kom ikkje før i 1992.

Det er funne buplassar frå steinalderen og eit helleristningsfelt på øya.

Fram til 1965 var øya del av Davik kommune. Frå 1965 til 2020 var ho del av Vågsøy kommune.

Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Davik prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Davik herred, frå Digitalarkivet 47 183

Fotogalleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff Store norske leksikon Fakta og informasjon om Husevågøy Arkeologisk tidsskrift - Helleristninger på Husevågøy (side 7-9)

Kategori:Øyar i Kinn