Alta kyrkje er ei langkyrkje frå 1858 i Alta kommune i Finnmark.

mini|venstre|180px|Alta kyrkje på eit bilete av Anders Beer Wilse frå 1910. Byggverket er i tømmer og har 230 sitjeplassar. Ho er teikna av engelskmannen Stephen Henry Thomas som var direktør ved Kopparverket i Kåfjord.

Kyrkja, som vart innvigd i 1858 av biskop Knud Gislesen, er den eldste bygningen i Alta sentrum. Det første orgelet vart innvigd pinsedagen 1880. I sluttfasen av andre verdskrigen vart kyrkja sterkt ramponert, og først julaftan 1945 kunne kyrkja takast i bruk att. Ho er sidan utbetra fleire gonger, sist i 2005/06.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Alta Kategori:Kyrkjer i Alta prosti Kategori:Bygningar i Finnmark og Nord-Troms frå før 1944 Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Kulturminne i Alta Kategori:Langkyrkjer i Nord-Hålogaland bispedømme Kategori:1858 i Noreg