mini|Suleiman den store er ein kjend osmanarherskar.
Det osmanske eller ottomanske dynastiet var ei slekt som styrte Det osmanske riket i 600 år, frå 1281 til 1923. Det blir rekna for å ha teke til med Osman I, som både riket og dynastiet blei kalla opp etter.
Titlar Dei to første herskarane, Osman I og Orhan, brukte berre nemning «hovding» (bey), men i 1383 let Murat I seg krona til sultan. Frå 1517 var sultanane også muslimske kalifar. Det vil seia at dei blei rekna som det andelege overhovudet for islam, med rett til å utropa djihad, heilag krig.
Med den tyrkiske revolusjonen i 1922 blei sultantittelen avskaffa. Kaliftittelen blei avskaffa to år seinare.
Tilhøyrsle Opphavleg var dynastiet av tyrkisk opphav, men etter omfattande politiske giftarmål kom det snart til å vera i slekt med dei fleste folkeslaga innan det veldige riket.
Etter at dei erobra Konstantinopel i 1453, tok osmanarane til seg mykje av den bysantinske kulturen, og etter kvart rekna dei seg ikkje som tyrkarar, som blei sett på som udanna bønder.
Lister over herskarar Osman I (1299-1326) Orhan (1326-1359) Murat I (1359-1389) Beyazit I|Beyazıt I (1389-1402) Mehmet I (1403-1421) Murat II (1421-1451) Mehmet II (Erobraren) (1451-1481) Beyazıt II (1481-1512) Selim I (1512-1520) Süleyman I (den Store) (1520-1566) Selim II (1566-1574) Murat III (1574-1595) Mehmet III (1595-1603) Ahmet I (1603-1617) Mustafa I (1617-1618) Osman II (1618-1622) Mustafa II (1622-1623) Murat IV (1623-1640) İbrahim (1640-1648) Mehmet IV (1648-1687) Süleyman II (1687-1691) Ahmet II (1691-1695) Mustafa II (1695-1703) Ahmet III (1703-1730) Mahmud I (1730-1754) Osman III (1754-1757) Mustafa III (1757-1774) Abd ül-Hamid I (1774-1789) Selim III (1789-1807) Mustafa IV (1807-1808) Mahmud II (1808-1839) Abdülmecit (1839-1861) Abd ül-Aziz (1861-1876) Murat V (1876) Abd ül-Hamid II (1876-1909) Mehmet V (Resad) (1909-1918) Mehmet VI (Vahdettin) (1918-1922) Abd ül-Mecid II (berre som kalif) (1922-1924)
Kategori:Statsleiarar Kategori:Lister