Pascal (teikn Pa) er SI-eininga for trykk og mekanisk spenning. Det svarar til ein newton pr. kvadratmeter. Eininga er namngitt etter Blaise Pascal, ein framståande fransk matematikar, fysikar og filosof.
1 Pa = 1 N/m² = 1 (kg·m/s²)/m² = 1 kg/m·s² = 0,01 millibar = 0,00001 bar
I meteorologi har millibar vore bruka for lufttrykk. Ved introduksjonen av SI-eininga føretrekte mange meteorologar å halde på den same storleiksordenen som dei var vane med. Dermed er det vanleg å nytte forstavinga hekto i staden for kilo.
1 hectopascal (hPa) = 100 Pa = 1 mbar 1 kilopascal (kPa) = 1000 Pa = 10 hPa
I det tidlegare sovjetiske mts-systemet er eininga pieze, som svarar til ein kilopascal.
Standard atmosfæretrykk er 101 325 Pa = 101,325 kPa = 1013,25 hPa = 1013,25 mbar.
Den same eininga blir nytta til å måle stress, Youngs modul og tensil styrke.
Døme på verdiar (omtrentlege)
(Sjå SI-forstavingar for hjelp om einingane.)
0,5 Pa Atmosfærisk trykk på Pluto (omtrentleg tal frå 1988) 1 kPa Atmosfærisk trykk på Mars 10 kPa Trykket skapt av 1 m djupt vatn, eller droppet i lufttrykk når ein går frå havnivå og opp til 1000 meters høgde¹ 101 325 Pa Atmosfærisk trykk ved havnivå¹ 10 MPa Høgtrykkspylarar sender ut vatn med dette trykket 100 MPa Trykket på botnen av Marianergropa, omtrent 10 km under havoverflata¹ 10 GPa Diamant dannast 100 GPa Teoretisk strekkfastleik på karbonnanorør (CNTar) ¹på Jordas overflate
Kategori:SI-einingar