Totak er ein innsjø i Vinje kommune i Telemark som dekkjer eit areal på 37 km² og ligg mellom 680–687 moh. Totak er Noregs djupaste innsjø som ikkje er ein kryptodepresjon. Det vil seie at heile innsjøbassenget er over havnivå.

Innsjøen er ein del av Skiensvassdraget. Det viktigaste tilløpet er elva Songa, og avløpet går gjennom elva Tokke ned til innsjøen Bandak. Innsjøen er regulert ved Tokkeutbygginga, og er eit magasin for Vinje kraftverk ved Vinjevatn i Vinje.

Namnet på innsjøen kjem av norrønt þot,som tyder brusing.

Kjelder

Kategori:Innsjøar i Vinje Kategori:Reservoar i Telemark