Store Urevatn er ein innsjø som ligg i Bykle kommune i Agder fylke.
Vatnet vart regulert etter konsesjon gjeve i 1949. Vatnet har ein bestand av bekkerøye og aure, dette er fisk som er sett ut etter pålegg, men ein trur at bekkerøya reproduserer seg naturleg i vatnet.
Det går veg inn til vatnet, dette er ein open veg og vert mykje nytta av turgåarar og fiskarar. Vegen er vinterstengd.
Kategori:Innsjøar i Bykle Kategori:Reservoar i Agder Kategori:Setesdal